Hopp til innhold

Grønt lys for vindmøllepark

Fitjarfjellet blir prega av vindmøller.

vindmøller
Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix

Olje – og energidepartementet gir konsesjon til det store vindmølle-anlegget på Fitjarfjellet. Det betyr rundt 45 vindmøller med inntil 90 meter høge tårn på Midtfjellet ovarfor Fitjar sentrum.

Står på økonomien

Det einaste som kan stogga prosjektet er at utbyggjar Fitjar Kraftlag og samarbeidspartnar Dong Energy i Midtfjellet Vindkraft AS ikkje finn økonomi i utbyggingsprosjektet til om lag 1,5 milliardar kroner.

– Regjeringa er svært oppteken av å få fart på utbygginga av fornybar energi. 3 TWh vindkraft skal realiserast innan 2010. Fitjar vindpark vil gi eit vesentleg bidrag med fornybar energi som er med på å styrkja forsyningstryggleiken. Vindkraftverket kan produsera straum som tilsvarar det årlege forbruket til crundt 22.500 husstandar, seier olje- og energiminister Åslaug Haga til Bergens Tidende.

Kjempa i ti år

Fitjar kommunestyre har tidlegare gått inn for vindparken på Midtfjellet, trass aksjonar og protestar frå naturinteresser.

– Dette er ein gledesdag. Vi har feira tiårsjubileum for arbeidet med dette prosjektet, og er godt inne i vårt ellevte år, seier dagleg leiar Ole Vidar Lunde i Fitjar Kraftlag til avisa.