Hopp til innhold

Grønt lys for fylkesoppløysing, men ikkje for Vestland. Sp-politikarar er skuffa

For at Vestland fylkeskommune skal splittast opp, må fylket sjølv vedta oppløysing. Det kjem fram den nye regjeringsplattforma til Ap og Sp.

Sogn og Fjordane og Hordaland

FLEIRTAL MOT: Det er fleirtal for Vestland i fylkestinget og Sp-profilar er ueinige om storfylket er tent med ein omkamp eller ikkje.

Foto: NRK

Så seint som i eit radiointervju med NRK april i år snakka Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum klart og tydeleg om sin visjon for oppløysing av Vestland:

– Dersom Senterpartiet får ansvar neste haust, så vil eg legge til rette for ein prosess der vi kan dele opp Hordaland og Sogn og Fjordane.

Men nå slår den nye regjeringa fast at det må ligge ein søknad i botn for at tvangssamanslåtte fylkeskommunar skal løysast opp – innan 1. juli 2022.

Det kjem fram i regjeringsplattforma som vart lagt fram onsdag ettermiddag.

Den påtroppande Sp-Ap-regjeringa opnar altså opp for at Troms og Finnmark og Viken skal løysast opp, men noko folkerøysting eller omkamp i Vestland blir det ikkje.

Det skuffar fylkesleiar Sigurd Reksnes i Sogn og Fjordane Senterparti:

– Vi hadde håpa at regjeringa sjølv skulle ta initiativ til å gjennomføre folkerøysting i dei tidlegare fylka, det var det som var bestemt i Sps program. Dette var ein skikkeleg nedtur, seier han til NRK og legg til:

– Det er veldig skuffande at folk i Sogn og Fjordane ikkje skal få sagt meininga si.

Sigurd Reksnes

SKUFFA: Fylkesleiar Sigurd Reksnes i Sogn og Fjordane Senterparti seier at nyheiten er ein skikkelig nedtur.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Ville ha oppløysing.

I april viste ein måling at det var fleirtal for å dele opp att Vestland fylke.

63,5 prosent av dei spurde i tidlegare Sogn og Fjordane opplyste at dei vil løyse opp det nye storfylket. Berre 22,5 prosent ville halde på Vestland dersom det blir ei folkerøysting.

I dag er det klart fleirtal i Vestland fylkesting for samanslåing.

Dermed ser det ikkje ut som dei to tidlegare fylka Sogn og Fjordane og Hordaland kjem til å halde folkerøysting om reversering.

Det er annleis for dei to andre storfylka:

Reint formelt skal søknaden frå Troms og Finnmark om oppløysing innvilgast, og det skal i løpet av 2021 settast i gang ein prosess for å gjenopprette Akershus, Buskerud og Østfold – basert på ein søknad frå fylkestinget i Viken

I plattforma i dag skriv Regjeringa:

  • Vidareføre tre direkte folkevalde forvaltningsnivå.
  • Løyse opp tvangssammenslåtte fylkeskommunar som sender søknad etter vedtak i fylkestinget innan 1. juli 2022.
  • Løyse opp tvangssammenslåtte kommunar som sender søknad etter vedtak i kommunestyret innan 1. juli 2022.
  • Fjerne delane i inntektssystemet som straffar kommunar som ikkje slår seg saman.
  • Sette ned eit ekspertutval som skal gå gjennom fylkeskommunanes inntektssystem, når fylkesstruktur er avklart.
  • I 2019 viste ei måling at det var fleirtal for å dele opp att Vestland fylke.

Ordfører etter at Sp ofrer overvåkingsflyene på Andøya: – Jeg er forbanna

– Sps draum er knust

Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant for Venstre, kommenterer erklæringa på følgande måte:

– Det er veldig tydeleg at Sp har tapt kampen om oppløysing av Vestland. Dei følger ikkje opp det dei lovde sine veljarar i Sogn og Fjordane – at dei sjølve skulle bestemme om dei ville ut. Sp har gått på eit nederlag og det er eg veldig glad for. Det sikrar framtida for eit sterkare Vestland – og Sp sin draum om å skru klokka tilbake til fortida er knust.

Alfred Bjørlo

– TAPT KAMPEN: Fersk stortingsrepresentant og mangeårig Sogn og Fjordane-ordførar Alfred Bjørlo (V), seier til NRK at Sp ikkje følger opp det de lovde sine veljarar.

Foto: Arne Stubhaug / Arne Stubhaug