Hopp til innhold

Grøn energi avgjerande i datalagrinskampen

Langt inne i Jostedalen byggjer Bluefjords no det første datasenteret i fylket.

Edvin Brun
Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Straum, seier Edvin Brun kontant på spørsmålet om kvifor senteret vert bygd akkurat der.

– Nærleik til straum og sikker straum.

Den daglege leiaren i Bluefjords viser stolt rundt på anlegget som om få månadar skal fyllast med store mengder datakraft.

I datasenteret skal dei ta vare på data for selskap som ikkje lenger vil styre på med det sjølv, eller treng meir plass til å lagre informasjon. Dette er ein industri som er i kraftig vekst.

Treng alvorleg mykje straum

Tilgangen til store mengder straum, fornybar straum, gjer at dei har plassert datasenteret langt inn i Jostedalen. Berre nokre hundre meter unna anlegget ligg eit vasskraftverk.

Bluefjords marknadsfører seg med at senteret deira vert drive av isbrear. Edvin Brun trur det er avgjerande for at selskapet skal lukkast.

– Grøn energi er viktig, og er viktigare og viktigare for store bedrifter. Det å kunne stemple sitt sluttprodukt som grønt ligg høgt på agendaen.

Datasenter og servere treng alvorleg mykje straum. Dersom internett hadde vore eit land, hadde det vore landet med sjette høgast forbruk av straum i verda. Mykje av den energien kjem frå forureinande kraft

(Artikkelen held fram under biletet)

Benedicte Fasmer Waaler

VAL: The enviromentalists` choice. Benedicte Fasmer Waaler og IKT-Norge har stor tru på den miljøvenleg datalagring i framtida.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Grøn energi gje siger i kampen mot nabolanda

Benedicte Fasmer Waaler, prosjektleiar i IKT NORGE, trur det vil verte avgjerande for store selskap å kunne reklamere med at deira data er laga på grøn energi, når dei skal velje kvar dataa skal lagrast

– Dei verkeleg store aktørane, som Google, Facebook og Microsoft, men også store selskap som bruker mykje data, som DNB eller BMW, må ta omsyn til kvar og korleis dei lagrar og prosesserer sine data. Då er det til sjuande og sist viktig å legge det på ei fornybar kjelde, seier Waaler.

Likevel er det Finland og Sverige som er store på datasenter i Norden. Dei har store it-selskap som Facebook og Google.

Men i Sverige bruker dei mellom anna atomkraft. Og der ligg eit potensial i Norge og Sogn og Fjordane. Waaler trur nemleg satsingar som Bluefjords i Jostedalen vil vise verda at Norge kan gje bedrifter ein stad der dei kan lagre data, med fornybar vasskraft.

– Vi får Bluefjords no, vi har Troll Housing i Møre og Romsdal og vi har Green Mountain i Rogaland. Vi har fleire gode prosjekt i Norge. Det løftar nok til at store internasjonale aktørar ser at det går an i Norge. Då kan dei kome hit. Dei må ikkje, men vi har vist at det går an, seier Waaler.

(Artikkelen held fram under biletet)

Datasenter Jostedalen

HER: Skal datasenteret ligge. Det ser ikkje stort ut, men kan lagre store mengder data.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Stort og kraftig aukande behov

Fylkesnæringssjef Jan Heggheim trur Sogn og Fjordane kan bli store i denne industrien.

– Vi produserer mellom 10 og 15 prosent av den fornybare vasskrafta i landet. Vi har halvparten av den uutbygde vasskrafta i landet. Vi har kjempemoglegheiter, seier han.

Edvin Brun i Bluefjords trur det dei held på med berre vil vakse i framtida.

– Behovet er stort og kraftig aukande. Det vil vere rom for fleire. Dette er ein stor dag, for no har vi fått markert kor langt vi er kome. Eg er meir optimist enn nokon gong før.