Det er i utgangspunktet ingen alvorleg skade Grimseth har
fått, men sena som går frå lårmuskelen til kneet er røket tvers av, sa lege Lars Engebretsen etter å ha undersøkt Grimseth i vektløftarhallen onsdag ettermiddag. - Eg vil sei det slik at det nok kan by på problem for Grimseth å kome tilbake på det same nivået som han har heldt i vektløfting, og dersom han skulle klare det, vil det i alle fall gå veldig lang tid før han kan begynne å trene normalt igjen, sa den norske legen.
Det betyr at skaden for Grimseths del kan være så vidt alvorleg at han kanskje aldri kjem tilbake på toppnivå innan vektløftinga.
Foto: Scanpix
Ut på båre
Nausedølen prøvde seg på 205 kg, fekk vekta halvvegs opp, men fall så bakover og ble liggande mens han heldt seg til kneet. Nokre minutt etter at han var frakta ned frå podiet, kom ei talskvinne for den norske troppen og fortalte at ei sene i kneet var røke. Den norske legen Lars Engebretsen var då på veg til vektløftarhallen for å bistå Grimseth.
Låg på fjerdeplass
Etter rykk i supertungvektsklassen (+105 kg) onsdag låg Grimseth på fjerdeplass i gruppe B med 185 kg. Dei høgast rangerte løftarane i gruppe A skulle ikkje i aksjon før onsdag kveld.