Hopp til innhold

Grillhytte brann ned

Ei grillhytte på Roset i Stryn brann ned rundt klokka 05.00 i dag tidleg. Grillhytta stod like inntil ei hytte, og dei som var i hytta vakna og melde frå om brannen. Ingen av personane kom til skade, men grillhytta, samt ein badestamp like i nærleiken, vart totalskadd i brannen. Det skal ikkje vere store skadar på hytta. Politiet skal gjere granskingar på staden utover dagen. Årsaka er førebels ukjend.