Hopp til innhold

Gravskjending eller Halloween-spøk?

På Grotle i Bremanger har nokon spraymåla svarte klattar på gravsteinar, og fjerna det igjen.

Men eit bilete av ugjerninga har blitt spreidd.

Kyrkjeverje Bjarki Hrafnsson kallar det gravskjending og ville politimelde om det ikkje var for at alle spor er vekke, og gravsteinane er reine att.

Svart spraymåling på baksida av gravsteinar på Grotle i Bremanger.
Foto: Ukjent