Hopp til innhold

Ho er gravid og jobbar 90 timar i veka

Supermeklaren Stine Larsen jobbar dobbelt så mykje som det som er vanleg. No håpar ho å bli Norges beste eigedomsmeklar.

Supermegler

Dersom eg tapar eit oppdrag blir eg sur. Då har eg gjort ein for dårleg jobb.

Stine Larsen

Høgt tempo og alltid på farta. Den 28 år gamle eigedomsmeklaren lev og åndar for jobben sin.

– For å klare å jobbe så mykje som eg gjer, må ein brenne for jobben sin. Og det gjer eg verkeleg, seier Larsen.

I fjor kom Larsen på andre plass av Privatmegleren sine beste seljarar. I år vil ho heilt til topps.

– Pengane betyr lite

Ho blir kalla supermeklaren, og er omtala som ein av dei beste i landet. Så langt i år har ho selt 105 bustader for ein totalsum på 315 millionar kroner.

Men pengane betyr ikkje så mykje, ifølgje meklaren.

– Nei, det er ikkje difor eg held på med dette. Det er meir gleda eg får av å gjere denne jobben som driv meg. Det å sjå at ein kjøpar endeleg finn draumebustaden sin, det er heilt fantastisk, seier ho.

– Så er eg jo eit konkurransemenneske. Dersom eg tapar eit oppdrag blir eg jo sur. Då har eg gjort ein for dårleg jobb.

– Det er ikkje mykje fritid att når eg er ferdig på jobb akkurat. Men eg gjer jo dette fordi eg vil.

Med ein baby venta i februar er ho førebudd på eit år utan meklarjobben. Men så kjem ho sterkt tilbake, seier ho.

– Det skal gå fint å kombinere dette med ei familieliv. Alt handlar om planlegging.

– Vil utfordre mennene

Tom Jørgensen, dagleg leiar i Privatmegleren Vikebø og Jørgensen, meiner Larsen ligg godt an til å bli den beste meklaren i landet.

– Første gong eg møtte ho såg eg at ho hadde eit vinnande vesen. Det aller første ho sa til meg var at ho skulle bli best i Norge, minnast han.

For å bli best må ein ofre mykje, særleg tid. Og det gjer ho. Synfaring, visning, bodrundar, kundebesøk og signering. Dagane er lange for meklaren, ofte er ho ikkje heime før seint på kveld.

– Det er ikkje mykje fritid att når eg er ferdig på jobb akkurat. Men eg gjer jo dette fordi eg brenn for yrket.

Og Larsen vil vise at det kan stå ei kvinne på toppen når kåringa av Norges beste megler blir gjort.

– Det er jo eit mannsdominert yrket, så eg vil jo utfordre dei. Eg vil vise at ei kvinne kan vinne denne kåringa like lett som ein mann.