Heile bygda tok farvel

Heile bygda tok i dag farvel med dei to søstrene frå Masfjorden som omkom i ei trafikkulykke forrige fredag.

Gravferd i Sandnes kyrkje

Kjersti og Renate Sleire Holmaas blei gravlagde i Sandnes kyrkje i dag.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Sandnes kyrkje i Masfjorden var fullsett då søstrene Kjersti og Renate Sleire Holmaas blei gravlagde i dag. Det var også svært mange som følgde gravferda på storskjerm frå ungdomsskulen og kommunehuset.

Dei to søstrene på 16 og 18 år omkom i ein kollisjon med ein trailer fredag for ei veke sidan.

Sandes kyrkje i Masfjorden

Sandnes kyrkje var fullsett då dei to søstrene blei gravlagde i dag.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Både faren deira Ivar Holmaas og fleire andre heldt minneord i gravferda.

– Vi opplever at dette er ei forferdelig tragedie, både for familien og for bygda, seier sokneprest Knut Sørheim.

– Dei vil bli enormt sakna, og vi kjenner at det er vondt det som har skjedd. At vi skal vera utan Kjersti og Renate er ufatteleg, seier Sørheim.

Soknepresten håpar no at bygdefolket kan hjelpa familien vidare.

Les også: Fikk blomster av foreldrene

Video Gravferd i Masfjorden