Hopp til innhold

Grått, vått, gløtt av sol og vind

Helga ser ut til å by på litt forskjellig når det gjeld vêret her vest. Laurdag ser klart best ut, men det er kanskje større grunn til å glede seg til seinare i neste veke.

Smak av sommar

SOL OG BLÅ HIMMEL: Til veka kan du truleg nyte både sol og blå himmel, som her ved Utvær.

Foto: Hanne Marie Utvær / Privat

Starten på laurdagen var noko grå, men det kan vere at sola vil komme fram på ettermiddagen.

– Vinden vil dreie om til nord. Det betyr at både skyene og nedbøren vil minke, noko som betyr at vi får ein ganske fin ettermiddag, seier meteorolog Aslaug Skålevik Valved.

Uheldigvis vil ikkje vêret halde seg inn mot sundagen. På slutten av helga vil nemleg skyene komme tilbake att, seier meteorologen.

– Det er venta ein ny front som gir oss ein grå dag med nedbør.

På sundag er det meldt periodevis liten og stiv kuling langs kysten.

Laster Twitter-innhold

Større sjanse for sol til veka

På måndag vert det skiftande bris, skyer og litt regn.

– Byrjinga på veka blir våt, men det ver likevel ikkje veldig mykje nedbør, seier Skålevik Valved.

Prognosane er noko usikre, men sjølv om veka startar grått, så har meteorologen ei gladmelding på lur.

– Ut i veka så ser det ut til at vi har nokre fine dagar i vente, seier ho.

Del dine bilete med oss

NRK Sogn og Fjordane ønskjer oss flotte bilete, både ute og inne. Vi vil veldig gjerne sjå kva du gjer på i dette flotte fylket vårt, så del gjerne med oss.

Vis oss kva du gjer på i helga ved å sende bilete til sf@nrk.no eller på Instagram ved å merke dei #nrksf.

Laster innhold, vennligst vent..