Gratis straum i dag
På grunn av store mengder nedbør får heile landet billig straum tysdag. I Sør-Noreg blir det til og med gratis gjennom heile dagen. Vestlandet (NO5) får ein døgnpris -4 øre/kWh. Kundane i desse områda får den billigaste døgnprisen i heile Europa tysdag. Det skriv bransjemagasinet Europower. Sjølv på Sørlandet (NO2), der straumprisen har vore vesentlege høgare enn i Sør-Noreg i sommar, blir det gratis straum.