Hopp til innhold

Gratis ferjer til veglause

Regjeringa vil legge ekstra pengar på bordet i ferjesatsinga si. Når statsbudsjettet i dag blir lagt fram, føreslår dei gratis ferje for til øyar og andre samfunn utan vegsamband. Dette gjeld samband som ikkje var omfatta av tiltaket i 2022. I tillegg blir dei øvrige ferjetakstane halvert i høve til nivået 1. januar 2021. Etter det NRK kjenner til skal ordninga innførast frå august 2023.