Hopp til innhold

Brannsjefen åtvarar uforsiktige folk

Det braut torsdag kveld ut brann i Blomlia i nærleiken av Førde. Brannsjefen åtvarar no folk som er i eller ved naturen.

Øberg

ÅTVARAR: Bernhard Øberg på brannstaden etter dei fekk kontroll på brannen. – Folk må vere forsiktige, seier Øberg.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Brannen er sløkt og vi har kontroll, seier Jan Gunnar Holvik ved Alarmsentralen i Florø.

Brannmannskapa fekk raskt kontroll på brannen, som starta like ved parkeringsplassen ved Norheitunellen.

Brannen vart meld like før klokka 20.30.

Ein liten brann denne gongen

– Vi fekk melding om at det var ein skog og lyngbrann på riksveg 609 mot Askvoll, seier brannsjef i Førde, Bernhard Øberg.

– Vi tok den på alvor og køyrde ut vaktlaget.

For brannsjefen seier at dei er ekstra på vakt, no når det er så fint vêr . Det er tørt i terrenget og ting kan skje raskt.

Det brann på eit område på fire gonger fire meter.

– Når vi kom fram såg vi at det heldigvis ikkje var store greiene, seier Øberg.

No oppfordrar brannsjefen folk om å vere ekstra forsiktige og hjelpsame.

Brannsjefen: – Må vere forsiktige!

– For det første er det svært viktig å melde frå. Om publikum ser noko som kan utvikle seg må dei melde frå. Så får vi heller rykkje ut ein gong for mykje.

Har de ein teori om kva som skjedde her?

– Nei, vi har ikkje funne noko som helst her i området, så det kan vere eit glasbrot eller ein sigarettsneip som har ført til brannen.

Brannen skjedde nær Riksveg 609 mot Askvoll.

– Folk må vere svært forsiktige no for tida. Om du røyker, ikkje kast sneipen i naturen, seier Øberg.

– Dei må også vere forsiktige med eingongsgrillar.