Terje Gilje i BOB seier dei tar saka svært alvorleg.
Foto: NRKSaka gjeld ein meklar i BOB Eiendomsmegling, og blei avdekka i samband med sal av eit rekkehus i Åsane.
– Svært alvorleg
– Eg er ganske rasande over at dette har skjedd, seier administrerande direktør i BOB, Terje W. Gilje, til NRK.
Han skriv i ei pressemelding at BOB tar dette svært alvorleg og gjer det dei kan for å rydda opp.
Ifølgje BOB skal saka dreia seg om brot på lov om eigedomsmekling, god meklarskikk og interne retningslinjer i BOB.
Ifølgje
skal det ha vore brukt ein falsk identitet som skal ha lagt inn fleire bod på husværet, men Gilje ønskjer ikkje å kommentera desse opplysningane overfor NRK.Det var advokaten til ein kunde som gjorde BOB merksam på saka. Då blei Norges Eiendomsmeglerforbund og Finanstilsynet straks kobla inn.
Motivet er uklart
Granskinga har så langt avdekka uregelmessige forhold i eit anna oppdrag til den aktuelle eigedomsmeklaren. Men BOB har ikkje grunn til å tru at det er fleire saker enn dei som er avdekka.
– Meklaren har ikkje hatt økonomisk fordel av handlingane sine, så motivet for handlingane er uklart for oss, seier dagleg leiar i BOB Eiendomsmegling AS, Øyvind Bjelland, i pressemeldinga.
Terje W. Gilje seier at han avventar ein granskingsrapport frå Finanstilsynet, som skal vera klar i løpet av nokre dagar.