Hopp til innhold

Granskar lån til hotellaksjonær

Politiet ser no nærare på pengetransaksjonar som vart gjort av eigarane av Selje Hotel – før brannen.

Selje hotell gjekk opp i flammar

ROMFLØYA TOTALSKADD: Folk i Selje vakna opp til eit trist syn 25. november.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Det tradisjonsrike hotellet vart øydelagt av brann natt til 25. november 2016. Tre brør som var aksjonærar i selskapet som eig hotellet, sit varetektsfengsla, mistenkte for å ha sett fyr på hotellet.

No har politiet utvida etterforskinga til også å sjå på pengetransaksjonar som skjedde før brannen, skriv Bergens Tidende.

– Kan vere ulovlege aksjonærlån

I rekneskapen for 2015 fann revisorselskapet PwC grunn til å påpeike at selskapet hadde gitt eit ulovleg lån på 790.000 kroner til ein av aksjonærane. Politiadvokat Magnus Engh Juel seier den økonomiske stillinga til selskapet er tema i etterforskinga.

– Vi vurderer mellom anna denne kommentaren frå revisor. Etter revisor si oppfatning er det disposisjonar som kan vere ulovlege aksjonærlån, og det er noko vi går etter i etterforskinga.

Engh Juel seier at dei tre er sikta for forsikringsbedrageri.

– Og då er det interessant for politiet å etterforske økonomien i selskapet, med tanke på eventuell motivasjon for å sette fyr på hotellet.


Dei tre sikta nektar alle straffskuld.