Hopp til innhold

GPS-en fører sjåførar på ville vegar 

Lastebilsjåfør Yurii stolte på GPS-en. Det enda med at han blei ståande bom fast i nær ti timar. Han er langt frå den einaste som har køyrt seg vill.

– Det er ikkje noko kjekt. Eg følgde berre GPS-en, seier yrkessjåfør Yurii.

Han skulle eigentleg ha vore på plass i Dale i Sunnfjord og levert utstyr til fotballbana der. I staden står vogntoget hans kilt fast på den særs smale og svingete Fv. 57 i Saltkjelen mellom Osen og Bygstad i Sunnfjord.

Ei vegstrekning ingen førarar av større køyretøy køyrer frivillig.

GPS- trøbbel for mange sjåførar

Men det var uråd for Yurii å vite då GPS-en føreslo kortast mogleg veg til Dale og førte han hit. Det var under rygging med ein møtande bilist at det gjekk gale.

– No har eg vore her sidan 06.00-tida i dag tidleg, seier han medan Førde bilberging jobbar på spreng for å lirke laus køyretøyet.

Fast på smal veg

UTFORDRING: Det var utfordrande for Førde bilberging å kome til for å hjelpe denne lastebilen ved Dalsfjorden.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Men yrkessjåføren frå Ukraina er ikkje den einaste som har blitt ført på ville vegar i Noreg.

I fjor sommar fall ein sjåfør for freistinga av å spare tid og ferjepengar, men det enda med at det utanlandske vogntoget blei ståande bom fast på Tindevegen i Sogn.

Meir vanleg problem enn folk anar

– Dette er meir vanleg enn folk er klar over, seier Jan Ove Halsøy, regionsjef for Noregs lastebilforbund (NLF) om GPS-problema.

Grunnen er ganske enkel, forklarar han: Navigasjonssystemet er ikkje konstruert for større køyretøy, men for små bilar. For sjåførar som ikkje er kjende, kan det dermed kome slike utfordringar, peiker regionsjefen på.

– Det er lett å legge skulda på utanlandske sjåførar, men det er forståeleg at dei kan forville seg, seier han.

– Kva kan ein gjere for å løyse denne utfordringa?

– Det blir jobba med å utvikle eit system for større køyretøy, men dette er kostbart og ligg eit godt stykke fram.

Vegane bør difor skiltast godt, samt at dei bør utbetrast, meiner Halsøy, og strekar under at yrkessjåførar uansett skal sjekke lengde, breidde og tonnasje på vegane dei skal køyre.

Problem fleire gonger årleg

Tilbake til fylkesveg 57 i Saltkjelen: I fleire timar har Førde bilberging jobba for å lirke laus det fleire tonn tunge køyretøyet.

Det må dei gjere fleire gonger i året på denne strekninga.

Lastebilen er kilt inn i fjellveggen. For at dekka som står i grøfta skal kome på lik linje med dei andre, har bilbergarane bygd dei opp med plankar.

– Vi skal vinsje den forsiktig ut slik at vi får kontroll på den. Vi må prøve å lirke den ut på vegen, seier Flaten.

Driftsleiar i Førde bilberging, Vegard Johnsen, er klar på at GPS har «lurt» mang ein sjåfør opp gjennom tidene.

– Dette er klart ei utfordring, og det er mange som slit med det. Men er ein ikkje kjent, kan ein fort hamne i uføre.

Skapte trøbbel for fleire

Det var ikkje berre for yrkessjåføren frå Ukraina at det blei ein litt kjedeleg start på fredagen.

Kjell Øvrebø

FRUSTRERT: For yrkessjåfør Kjell Øvrebø skapte vogntoget ein del ekstra venting og omveg.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Nei, dette blei ikkje ein bra dag, konstaterer yrkessjåfør Kjell Øvrebø.

– Det er frustrerande. Dei som ikkje er kjende her køyrer denne vegen. Men her kjem ein ikkje gjennom, seier han.

Berga laus etter ti timar

Yurii frå Ukraina, som ikkje ønskjer å stå fram med etternamn, tek det heile på strak arm.

– Eg synest vegane i Noreg er veldig fine, eg, seier sjåføren. Nær ti timar etter han køyrde seg fast, fekk han endeleg berga ut køyretøyet sitt.

Vogntog kilt fast i fjellvegg

FAST: Sjåføren frå Ukraina skulle til Dale for å frakte fotballutstyr, men her i Saltkjelen var det full stopp.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK