Hopp til innhold

I denne veglause bygda gøymde "mafia"-tiltalte store mengder dopingmiddel

I den vesle bygda Måren ved Sognefjorden skjulte nettverket dopingpreparat og utstyr for store summar medan hyttefolk og fastbuande var heilt uvitande.

Måren

FANN LAGER: I ei hytte i den veglause bygda Måren gjorde politiet stort beslag av dopingmiddel i det som er ein av dei største dopingsakene i Noreg nokonsinne.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I dag kom tiltalen mot ti menn som politiet meiner er heilt sentrale i det som er den største saka om dopingmiddel i Noreg. To av dei politiet meiner er hovudmenn i saka kjem frå Sunnfjord, medan resten er knytt til Bergen og Buskerud.

Gjennom fleire år skal mennene og eit stort nettverk av andre personar ha kjøpt og seld ulike ulovlege preparat via nettbutikkar på nettstadane Hushboard og Roidboard. Ein utstrekt bruk av kryptovaluta som bitcoin og store mengder kontantar er involvert.

Dei tiltalte skal ifølgje politiet ha hatt omgang med doping-preparat og anna utstyr verdt rundt 30 millionar kroner og er tiltalt etter den såkalla "mafia-paragrafen" om organisert kriminalitet.

Gøymde doping i hytte

Men politiet si etterforsking og tilståingar frå minst ein av dei tiltalte har også avdekka eit stort nettverk av stadar der dopingmidla har vore lagra og eit nettverk av folk som har hjelpt til med alt det praktiske.

Ein av stadane der politiet til slutt fann utstyr og ulovlege medikament ligg i Høyanger kommune ved Sognefjorden. For å kome til den vesle bygda Måren må ein ha båt og i ei hytte der gjorde politiet eit stort beslag.

– Dette var heilt ukjend for oss som har hytte i bygda, fortel ei kjelde til NRK.

Det blei også gjort store beslag i Bergen og fleire stadar i Sør-Noreg.

Avisa Firda har intervjua båteigaren som frakta politiet under politiaksjonen.

Beslag av doping i Måren i Høyanger

ULOVLEGE MIDDEL: Beslaget i Måren i Høyanger er sentralt i tiltalen mot i alt ti personar som er tiltalt etter "mafiaparagrafen".

Foto: Politiet

Brukte kryptert e-post

Men medan stoffet blei innført til Noreg og lagra ulike stadar, skjedde det meste av omsetninga via nett.

Politiet fortalde i dag at dei har avdekka utstrekt bruk av kryptert e-post og at dei til slutt klarte å få tak i fleire tusen sider med e-postar mellom dei ulike personane.

Dette blir også stadfesta i rettsdokument NRK har fått tilgang til og det blir mellom anna synt til nettstaden Countermail, som tilbyr kundane å bruke eit kryptert e-postsystem.

I oktober 2017 kunne NRK avsløre at ein av dei som politiet reknar som hovudmenn i dopingnettverket sat fengsla i Russland. Han blei pågripen av russisk politi under ei reise frå Asia til Noreg.

La alle korta på bordet

Etter over 13 månader i russisk varetekt kom sunnfjordingen tilbake til Noreg og innrømte straks at han var sentral i doping-nettverket.

Den 35 år gamle og kronisk diabetessjuke mannen hadde då delt celle med fleire andre fangar i nærleiken av. Han hadde avgrensa tilgang på medisinen han trengde og både han og advokaten hans venta på utlevering heim til Noreg.

– Han har lagt korta på bordet og innrømma omgang med doping etter tiltalen. Han har også erkjent at det har erkjent at det har vore fleire involverte, seier forsvararen hans, Ingvild Boe Hornburg.

Ho meiner at hennar klient si tilståing har vore svært viktig for politiet og at han no vil bli ferdig med saka, sjølv om kan vente fleire år bak lås og slå. Han var også sentral i den store narko- og dopingsaka som blei avslørt i Sunnfjord i 2009.

Kan få lange straffer

Alle dei ti hovudtiltalte er tiltalte etter paragrafar i straffelova som kan gje fengsel på minimum seks år.

– Men han er ikkje samd i volumet, innteninga eller det biletet politiet teiknar av han og dei andre som hovudmenn, seier Hornburg.

Under pressekonferansen til politiet i dag slo dei fast at målet med aksjonane og den omfattande etterforskinga over fleire år er klar.

– Målet har vore å redusere og vanskeleggjere tilgangen til dopingmiddel i Noreg, sa etterforskingsleiar Hege Garberg Natland.

Organisasjonskart dopingsak

VELORGANISERT: Slik meiner politiet at doping-nettverket blei organisert.

Foto: Andre Simonsen