Hopp til innhold

Innbrotstjuv gøymde seg inne på skulen etter stengjetid - så slo han til

Mannen i 30-åra som fredag ettermiddag braut seg inn på Aurland barne- og ungdomsskule, må ha komme seg inn i skulebygningen medan skulen framleis var open.

Reinhardt Sørensen

FEKK TAK: Brannvakt Reinhardt Sørensen fekk tak i innbrotstjuven, men han vrei seg unna og bykste på elva.

Foto: Arne Veum

– Alle dørene her på skulen vert automatisk låste klokka 16. Det var ikkje brote seg inn i bygningen utanfrå, men han hadde brote seg inn ei innerdør lenger inne i bygningen. Men han må ha lurt seg inn medan dørene var opne, og så har han gøymt seg til huset var tomt, fortel brannvakt i Aurland, Reinhardt Sørensen.

Ein lærar som jobbar ved skulen, skulle inn for å hente noko like før klokka 17. Ho var i følgje med mannen sin, som også jobbar i kommunen, då dei forstod at det var uvedkommande i bygget.

Då var tjuven i ferd med å ta for seg i eit rom med datamaskiner.

Frykta mannen kom til å drukne

Brannvakta vart ringt opp, og Sørensen kom raskt til staden, der han gjorde forsøk på å stanse mannen i 30-åra, som då var på veg vekk frå skulebygningen.

– Vi prøvde å stoppe han, men han vrei seg unna. Så la han i veg og hoppa rett i elva, fortel Sørensen.

Det er lite vassføring i elva nett no, men mannen hoppa rett på elva der det er ein svært djup kulp.

– Han var heilt under, og vart også dregen med av straumen eit stykke nedover. Vi var ei stund redde for at han skulle fare vidare nedover, seier Sørensen.

Men den ubedne gjesten kava seg til slutt på land på andre sida, vrengde av seg jakka, og la i veg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Leitte etter innbrotstjuv

GJORDE IKKJE FUNN: Fleire var med å leitte etter mannen som kom seg inn på Aurland barne- og ungdomsskule, men mannen vart ikkje funnen.

Foto: Arne Veum

Har godt signalement

Det vart søkt i området etter mannen då politiet kom til staden, men dei måtte til slutt gi opp utan å finne noko. Men dei har eit godt signalement.

– Han snakka gebrokkent norsk og var i 30-åra. Men det var ikkje ein mann som er heimehøyrande i Aurland, det er eg viss på, seier Sørensen.

Han er uroa over at mannen må ha teke seg inn i bygningen medan det truleg framleis var folk der.

– Det er ikkje ein kjekk situasjon. Folk skal vere trygge på arbeidsplassen sin, så dette er heilt klart ekkelt for dei som jobbar der. Men dette må vi sjå nærare på, seier Sørensen.

Kunne gått lenge før det vart oppdaga

Han er glad for at læraren og mannen hennar kom over innbrotstjuven då dei gjorde.

– For elles kunne det gått lang tid før dette vart oppdaga. Her kjem det til å stå tomt til over påske. Han kunne fått med seg utstyr og øydelagt for store summar viss han hadde fått jobbe i fred, seier Sørensen.

Etter at politi og folk frå skulen har inspisert bygninga, er det på det reine at tjuven ikkje har fått med seg noko, opplyser politiet.

Aurland