Hopp til innhold

Gorgoroth vert oppløyst

Det omstridde blackmetal-bandet Gorgoroth vert oppløyst.

Gaahl

Gaahl må måte i retten etter at bandet vart oppløyst.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Plasteselsakpet til det verdskjende bandet, der ein sunnfjording med artistnamnet Gaahl er vokalist, stadfestar opplysningane.

- Umogeleg å samarbeide

Infernus, King og Gaahl har altså bestemt seg for å skilje lag. Dei to sistnemnde vil halde fram Europa-turneen under namnet Gorgoroth med ein vikar for Infernus.

Infernus vil ifølgje plateselskapet ta King og Gaahl til retten for å nekte dei å bruke bandnamnet Gorgoroth. Infernus, som vert rekna som sjølve grunnleggjaren av bandet, seier at det har blitt umogeleg å samarbeide vidare med dei to andre.

Truga med å drikke blodet

Blackmetal-bandet er omstridd og har ved fleire høve skapt mykje styr. Sunnfjordingen Gaahl vart i 2004 dømd til 14 månader i fengsel etter at han mishandla ein mann og truga med å drikke blodet hans.

Støttar kyrkjebrenning

I vinter vart det også mykje styr då Gaahl i ein kanadisk film, som vart vist på NRK1, støtta kyrkjebrenning.

- Eg støttar sjølvsagt kyrkjebrenning hundre prosent. Det burde vore mykje meir kyrkjebrenning, og det vil det også bli i framtida, sa han i filmen.

Politietterforska i Polen

Bandet skapte også oppsty med sceneshowet, blant anna i Polen, der dei vart sett under politietterforsking for å

Bandet skapte også oppstyr med det grafiske sceneshowet, blant annet i Polen, der dei vart sette under politietterforsking.