Vaksne menn blenda bussjåfør

To vaksne menn vart søndag kveld tekne på fersken medan dei blenda bilførarar med laserlys i Eikefjord.

Eikefjord

ILLUSTRASJON: Ein bussjåfør fekk ei ekkel oppleving ved Eikefjord i Flora. Gutestrekane var det to vaksne menn som stod bak.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Etter at ein bussjåfør melde frå om det klokka 21 rykte ein patrulje raskt ut og fann syndarane bak det som må skildrast som farlege gutestrekar.

I grøftekanten sat to menn i 30- og 40-åra med ein laserpenn.

– Folk bør i utgangspunktet vite betre enn det, seier operasjonsleiar Per Rimmen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Farleg leik

Operasjonssentralen i Florø

ALVORLEG: Operasjonsleiar Per Rimmen og politiet ser alvorleg på bruken av laserpennar mot trafikantar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

For slik leik med laserpennar er langt frå ufarleg. Både bilistar, flypilotar og skipperar har tidlegare fortalt om nestenulukker som følgje av at dei blir blenda av laserar.

Desse blir oppmoda om å melde forholda.

– Ein førar kan bli blenda og køyre av vegen. Bruk av slik laser kan få uante følgjer, seier Rimmen.

Og om ein buss hadde køyrt av vegen, seier skadepotensial seg sjølv.

Risikerer bot

Laserpenn, laserlys,

LASERLYS: Lyset frå laserpennen kan blende trafikantane.

Foto: Harald Krogtoft / NRK

Bruk av laser er heller ikkje i Sogn og Fjordane noko ukjent problemstilling. Laserpennen som vart brukt i Eikefjord vart beslaglagt.

– Vi får frå tid til annan melding om bruk av laser og prøver å følgje opp i dei tilfelle der vi får fatt i dei og har mistenkte. Slikt vil vi ikkje ha noko av, seier Rimmen.

– Eg vil oppmode dei som får slike tankar om å la vere, legg han til.

– De beslagla laserpennen i Eikefjord, men kan det få andre følgjer for dei som gjer slikt?

– Eit slikt forhold kan godt anmeldast, og då er det mest nærliggande å tru at det blir bot av det.