Jostedalen er spesielt råka. - Grensa er 600 bequerel cesium for kvar kilo kjøtt, seier veterinær i Luster, Olav Hermansen.
- Eg målte ein sau her med ein verdi på over 2000 bequerel, og så høge verdiar er det lenge sidan eg har sett, seier Hermansen.
Sauene et soppen
Han og bøndene er uroa over dei høge verdiane på sauene i Jostedalen. Jostedalen er verstingen i bequerel-klassen i Sogn og Fjordane. Seksjonssjef i Statens strålevern, Anne Liv Rudjord, forklarer dei store geografiske skilnadane med sopp.
- Det er veldig høge konsentrasjonar av det radioaktive stoffet cesium i sopp. Og når det er mykje sopp og dyra et soppane, vil det veldig raskt gje utslag på radioaktiviteten i dyra. Eit godt soppår er uheldig i denne samanhengen, seier Rudjord.
- 20-30 år til
Det er 20 år siden Tsjernobyl-ulukka, men framleis vert det målt store konsentrasjonar av radioaktivetet i husdyr.
Det er sentrale fjellstrok på Austlandet, i Nordland, deler av Vestlandet og Sørlandet som er hardast ramma av radioaktivetet i beiteområde. Rudjord kan ikkje seie noko om når bøndene må slutte å fore ned sauene før slakting.
- Det vil ta veldig lang tid. Nivåa vil gå ned, men ganske sakte. Vi reknar med å halde på med tiltak og overvaking i mellom 20 og 30 år til for å halde dette under kontroll, seier ho.
Sauebonde Åse Ytri i Jostedalen har hatt radioaktive sauer i 20 år.
- Vi rekna med dette, vi har jo nedforing kvart år, seier ho.