Godt sommarbesøk i familieparkar trass i halvert kapasitet: – Har vore over all forventning

Nordmenn har fylt opp familie- og fornøyelsesparkane i Noreg denne sommaren. Fleire av parkane hadde like mange eller fleire gjester enn normalt i juli.

Mikkelparken i Kinsarvik

GOD SESONG: Familieparkar over heile landet har mange besøkande trass i koronapandemien.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Denne sommaren er det mindre trengsel enn vanleg rundt Mikkel og Mikkeline i familieparken i Kinsarvik i Hardanger.

For både Mikkelparken og dei andre familie- og fornøyelsesparkane kan berre ha om lag halvparten så mange gjester innanfor portane som vanleg. Men sterkt redusert kapasitet på grunn av smittereglane har ikkje hindra at sesongen likevel blir god.

– Det har vore ein veldig flott sommar. Me er nøgde med besøkstala. Dei er over 30 prosent betre enn i fjor, som også var eit pandemiår.

Det seier Anita Meling Meland, som er personalleiar i Mikkelparken.

– Sjølv med avgrensingar er det råd å ha ein flott sommar her i Hardanger, seier Meland.

Utseld kvar dag

Dei andre parkane seier mykje det same.

Norske familiar på ferie i sitt eige land har sikra gode julital for til dømes Kongeparken på Jæren, Tusenfryd i Viken og Hunderfossen i Gudbrandsdalen.

Stort sett har parkane vore utselde alle eller dei fleste dagane, med så mange besøkande som dagskvoten tillèt. Dermed har trafikken vore jamn heile sommaren.

Anita Meling Meland, HR-leiar i Mikkelparken.

NØGD: Anita Meling Meland, personalleiar i Mikkelparken, er nøgd med at familiar har besøkt parken.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Vanlegvis svingar besøket i parkane kraftig frå dag til dag, avhengig av vêret, men i år har tilstrøyminga vore ganske stabil. I sum vart dermed talet på gjester i juli fleire stader omtrent som i eit normalår.

– Til no har sommaren vore over all forventning. VI frykta det verste men endar nesten på ein normalsesong, seier styreleiar Jan Erik Rørvik i Lilleputthammer familiepark.

43.000 besøkande er berre eit par tusen færre enn i eit normalt år utan koronatiltak.

Sterk vekst i Dyreparken

Dyreparken i Kristiansand hadde i juli 427.000 gjester.

Det er 52.000 fleire, altså over 13 prosent meir, enn i juli 2019, altså før koronapandemien.

– Besøket i Dyreparken inkludert Badeland har vore veldig bra, seier marknads- og kommunikasjonsdirektør Anniken Bjørnstad Schjøtt.

Ho fortel at gjester byrja å booke overnatting og parkbesøk tidleg.

– I slutten av juni og juli så har vi kunna ta imot gjester nesten som vanleg, seier ho.

Ho forklarer publikumsveksten med tre timar lenger opningstid og tiltak for å fordele gjestene utover dagen.

– Dagar og veker som tidlegare ikkje har hatt like godt besøk har nå vore utselde. På den måten ser vi at gjestebesøket har vore på linje med tidlegare år. Og særleg ei ny ordning med ettermiddagsbillett driv opp besøkstalet, seier ho.

Du slepp kø

Bø Sommarland i Telemark melder derimot at besøket har vore under maksimalgrensa på 3000 per dag, altså langt under kapasiteten på opptil 8000.

Fordelen i parkane er uansett at ein i år slepp kø, også i Mikkelparken.

For eigarane er fordelen at pandemien har gjort at publikumspågangen er meir føreseieleg.

– Det var fullbooka ganske tidleg i år. Folk er blitt meir vane med å måtta førebu og bestilla på førehand, seier Meland.

Njård Espeland og Heloise Espeland i Mikkelparken.

BADELAND: Njård Espeland og Heloise Espeland var mange timar i badeland i Mikkelparken.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Også Tusenfryd i Viken har hatt ein god sesong, seier administrerande direktør Bjørn-Håvard Solli.

– Sommaren er for oss ganske lik som i fjor. Kvar dag i juli har vore utseld, seier Solli.

Det er likevel 25–30 prosent under normalt. Og økonomien lir når parkane har både lågare inntekter og høgare ekstrautgifter til bemanning på grunn av koronatiltaka.

– Men alt er betre enn ingenting, seier Solli.