Hopp til innhold

Godt Skald-halvår

Forlaget Skald i Leikanger har hatt eit godt fyrste halvår. Samanlikna med same perioden i fjor har omsetnaden auka med 11 prosent.

Forleggar Lars Nes opplyser at Skald har gjeve ut seks bøker til no i år.Forleggar Lars Nes opplyser at Skald har gjeve ut seks bøker til no i år.

Boka til Johs. B. Thue om Nærøyfjorden er mellom bøkene Skald har gitt ut i år
Foto: Skald

Selja Forlag i Førde har hatt ein nedgang i omsetnaden fyrste halvår i år, men tala er ikkje klare enno. Men så langt i år har dei berre gjeve ut ei bok og eitt hefte.

Turbok sel framleis godt

Dessutan kom suksess-boka "Opptur" i fjor saman med fleire andre bøker. Forleggar Torkjell Djupedal seier dei kjem med mange nye bøker til hausten, og han er nøgd om dei greier å halde same nivået som i fjor.

Boka "Opptur" ligg på bestseljar-listene også i år, og det er oppsiktsvekkande, seier Djupedal.