Hopp til innhold

Godseigar vil ikkje ha skifolk på vegen sin – har sett opp bom

KAUPANGER (NRK): Sogningane seier dei kan brøyta vegen – heilt gratis. Men til inga nytte. – Veg skaper generelt mykje konfliktar, seier jordskiftedommar.

Omstridd veg på Kaupanger

JUSSEN ER KLAR: Friluftslova seier at grunneigar kan «nekte ferdsel med motorkøyretøy og har rett til å sette opp skilt som forbyr ferdsel med bil eller anna køyretøy på privat veg».

– Det er veldig trist. Eg trudde vi hadde ein avtale, seier Gunnhild Bøyum, turentusiast og leiar i Sogndal Høgre.

Tvers over Gorovegen i Sogndal står ein bom. Den har vore der lenge, og stenger vegen om våren, sommaren og hausten.

Men dei siste åra har den også vore nede om vinteren.

– Eg respekterer at grunneigar har rett til å stenge vegen. Men denne vegen er det kommunen som har rusta opp, seier Bøyum.

Bommen har tidlegare vorte fjerna, men no er den tilbake.

For tre år sidan lufta Høgre-politikaren ideen om å ekspropriere eigedomen («Då vil oreigning vera vegen å gå», sa ho i Sogn Avis).

Andre sambygdingar har tilbode seg å brøyta vegen – heilt gratis. Men til inga nytte.

Pulk i snøføre på Kaupanger

SNØEN I FJOR: – Eg vil ikkje ta kostnaden med at folk skal få gå på ski, seier Nils Joachim Knagenhjelm.

Foto: NRK

Forsøkte med bomveg

Vegen er privat, og eigar av vegen, Nils Joachim Knagenhjelm, har jussen på si side.

Friluftslova seier at grunneigar kan «nekte ferdsel med motorkøyretøy og har rett til å sette opp skilt som forbyr ferdsel med bil eller anna køyretøy på privat veg».

– Regelverket er ganske klart, seier Dag Skjølaas i Noregs skogeigarforbund.

Ein mellomløysing er å tillate motorferdsel mot betaling av avgift – bomveg.

Og det har vore forsøkt. I fjor vart det innført brukarbetaling via vipps, men ifylgje grunneigar Knagenhjelm, som er ein av vestlandets største skogeigarar, har det ikkje betalt seg.

– Om kommunen vil dekkje kostnadane for å halde vegen open, så skal eg opne den. Men eg vil ikkje ta kostnaden med at folk skal få gå på ski, seier han.

Våpenskjoldet til godseigar Nils Joachim Knagenhjelm.

VÅPENSKJOLD: Nils Joachim Knagenhjelm er ein av vestlandets største skogeigarar.

Foto: Wikimedia commons

– Vil ikkje tilby noko

Og der står saka. Enn so lenge.

– Me har avtalt møte med grunneigar tysdag i neste veke, seier ordførar Arnstein Menes (Sp), og vil ikkje seie noko meir enn det.

Arne Abrahamsen, kommunalsjef for plan og samfunn i Sogndal kommune, seier litt meir:

– Vi vil ikkje tilby noko, men vi vil høyre med han då kva kostnadar det er snakk om.

Kommunar kan søke Miljødirektoratet om økonomisk støtte til å sikre seg råderett over ferdselsårer til friluftslivsområde.

Veg skaper konfliktar

Noreg har meir enn hundre tusen kilometer med privat veg. Bustadvegar, traktorvegar, hyttevegar, driftsvegar i landbruket og skogbruksvegar – og kvart år blir det konfliktar. Om bruk, og om kven som skal få køyre på dei.

I Gjevilvassdalen i Oppdal har interessene til grunneigarar og interessene til skiløparar stått mot kvarandre i ti år – og forsura stemninga i heile bygda.

– Konflikten svekker Oppdal som turistdestinasjon, seier Steinar Furnes, dagleg leiar i Visit Oppdal.

I den vesle bygda Grindheim på Bømlo har naboar kriga om ein grusveg i tjue år. På folkemunne blir vegen kalla Gazastripa, og bygda har fått klengenamnet «Lille Beirut».

I Porsgrunn har Ragnar Woxen sett opp skilt der han forbyr piggdekk på sin private veg.

Løypemaskin

MANGEÅRIG KONFLIKT: I over ti år har oppdalingane krangla om det skal køyre løypemaskin eller brøytebil på Gjevilvassveien.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

– Tesla mot traktor

– Veg skaper generelt mykje konfliktar og uvisse, seier Sæmund Stokstad.

Han er jordskiftedommar hos Indre Sogn jordskifterett, og minner om at dette med å gå tur historisk sett er eit moderne fenomen.

– Om du ser berre nokre år tilbake, så var det få bønder som gjekk tur berre for turen si skuld. Desse skogvegane hadde eit heilt annan føremål enn å vere til for turgåarar.

Slik setjast fleire klassiske konfliktlinjer i spel, forklarar han. Allmenne mot private interesser. Næringsinteresser mot friluftsinteresser.

– For å seie det litt flåsete: Tesla mot traktor, seier han.

– Sat i ein skvis

Ruben Bøtun er dagleg leiar i Sogn og Fjordane Skogselskap.

Han minner om at det ikkje hjelper å sette opp eit skilt om at folk ferdast på eige ansvar. Grunneigaren er likevel erstatningspliktig om noko skulle skje.

– Eg forstår skogeigaren. Han er sett i ein skvis og har mykje ansvar. Løysinga er ein formell avtale med kommunen som garantist, meiner han.

– Ein kan ikkje ha dugnadsbaserte løysingar, for då dett ansvaret mellom to stolar. Det må vere ein solid avtale som dekkjer både ansvar og vedlikehald.

– Mitt høgaste ønskje

Attende ved bommen står Gunnhild Bøyum. Ho har framleis håp om ei løysing.

– Folk går no glipp av fantastiske opplevingar. Det er eit stort tap for folk her at det er stengt.

– Eg håper kommunen kjem til einigheit med grunneigar og syter for at vegen er open året rundt. Det er mitt høgaste ønskje, seier ho.

Gunnhild Bøyum framføre den omstridde vegen i Sogndal

HÅP: – Eg håper kommunen kjem til einigheit med grunneigar og syter for at vegen er open året rundt. Det er mitt høgaste ønskje, seier Gunnhild Bøyum.

Foto: Oddmund Haugen / NRK