Hopp til innhold

Betre aluminiumspris gir gode resultat

Metallverket i Årdal hadde i tredje kvartal eit resultat på 86 millionar kroner. Dette er 72 millionar kroner betre enn i same periode i fjor.

Hydro Aluminium Årdal Metallverk

SOLID RESULTAT: Hydro i Årdal har levert sitt beste kvartalsresultat sidan finanskrisa.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fabrikksjef Egil Fredriksen har lagt fram null-resultat dei to føregåande kvartala og for han er tala i dag gledeleg nytt.

– Vi tente 86 millionar i tredje kvartal. Dette er det beste kvartalsresultat sidan finanskrisa, seier han.

Han forklarer det gode resultatet som ei blanding av betre metallprisar, og at dei er byrja å rette produksjonen inn mot meir avanserte produkt, blant anna til bilindustrien.

– Årdal består av tre store einingar, karbonfabrikken, støyperiet og elektrolysen. Det er første gong elektrolysen har tent pengar sidan 2011, seier Fredriksen.

Har fått god draghjelp

Også Hydro sitt metallverk i Høyanger leverer svært gode tal. Betre aluminiumsprisar enn på lenge er noko av årsaka.

Resultatet før renter og skatt vart eit overskot på 36 millionar kroner for 3. kvartal i år mot 15 millionar kroner i fjor på same tid.

– Det er over det vi hadde håpa på. Vi får veldig draghjelp frå aluminiumsprisen og valutaen i 3. kvartal. Det bidreg godt på inntektssida, seier fabrikksjef ved metallverket i Høyanger.

Hydro Høyanger Metallverk sett frå Høgebakkane

GODE TAL: Hydro i Høyanger leverer gode tal hittil i år.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

God drift

Wenche Eldegard

POSITIVT: Tala metallverket leverer 3. kvartal er resultat av god drift og betre aluminiumsprisar, seier Wenche Eldegard.

Foto: Johan Moen / NRK

Høyanger har levert gode resultat tidlegare i år òg. Hittil i år har Hydro i Høyanger eit overskot på 52 millionar kroner. I 2013 var det tilsvarande resultatet på 35 millionar kroner. Omsetjinga er hittil i år på 1,2 milliardar kroner mot 1,1 milliardar i fjor.

– Samtidig så er det god drift i organisasjonen. Det er stabilt, og det vert jobba veldig godt med kostnadane. Så vi klarar å halde kostnadane nede og får den draghjelpa på inntektssida som gjer at resultatet vert bra, forklarar ho.

Til no i år er det blitt produsert totalt 47.598 tonn aluminium i elektrolysen. Hydro forklarar at høgare straumstyrke og godt utbyte på drifta har bidrege til den gode produksjonen.

I fabrikken sitt støyperi er det produsert 80.958 tonn valseblokker mot 80.636 tonn i same periode i fjor.

Lågt sjukefråvær

Eldegard fortel også at dei ikkje har hatt skadar i år med fråvær.

– Det ser vi på som veldig positivt. I tillegg går sjukefråveret ned i år samanlikna med tidlegare år.

Eldegard seier dei ser framover ein månad når det gjeld aluminiumsprisane.

– Den månaden veit vi er bra, men estimata våre er at vi skal halde oss på dette nivået framover. Så vi håpar og trur at fjerde kvartal skal bli like godt, seier ho.