
Pengemaskina Årdal Metallverk. Arkivfoto NRK
Årdal metallverk kan i år presentere eit svært godt resultat på 369 millionar kroner, og mykje tyder på at årsresultet kjem opp i ein halv milliard. I industribygda Høyanger tener og selskapet gode pengar, med eit resultat på 89 millionar kroner så langt i år.
Ikkje godt nok til modernisering
Men samstundes som Hydro tener gode pengar, blir mange av omnane snart kalde både i Høyanger og Årdal. Dei gamle forureinande Søderberg-omnane blir ikkje erstatta av ny teknologi, og frå neste år vil fleire hundre personar stå utan arbeid i dei to industribygdene.
Håpar framleis
No håpar fagforeningsleiaren i Høyanger at den nye regjeringa tilbyr Hydro så gode kraftavtalar at konsernet vel å investere i aluminiumporduksjonen i Noreg.