Hopp til innhold

God hjortejakt i Sogn

Det har vore tidenes beste hjortejakt i Sogn, ifølgje Sogn Avis. Ifølgje avisa vart det skote 12614 hjort i Sogn og Fjordane i 2017. – Bestanden har auka kraftig i kommunen og jegerane ser mykje meir hjort. I fjor hadde me ein fin vinter der få dyr døydde, denne vinteren blir nok hardare, seier Runar Hatlevoll, viltforvaltar i Luster kommune til avisa.

Hjort blir førebudd for helikoptertransport ned frå fjellet i Lærdal
Foto: Frank Bjørkum