Tor Arne Herstad inspiserer det store berget av rundballar som ligg stabla fire i høgda like ved Tune samdrift i Åsedalen Naustdal. Herstad, som også er lokallagsleiar i Bondelaget, fortel om ein svært god førsteslått.
– Ja, det har vore veldig bra i år. Vi har slått om lag 900 rundballar, noko som er 100 fleire enn ved eit normalår. Også kvaliteten er god, seier han.
Gardbrukarane i Tune samdrift i Naustdal har lagra 300 rundballar ved fjøsen. Ytterlegare 600 rundballar er lagra andre stader.
Foto: Bård Siem / NRKGod kvalitet
Arve Arstein i Norsk Landbruksrådgjeving fortel om gode grasavlingar av høg kvalitet i år.
Foto: Arne Stubhaug / NRKArve Arstein, rådgjevar i Norsk landbruksrådgjeving, stadfestar at det har vore ein god førsteslått i Sogn og Fjordane.
– Graset likar seg veldig godt under passelege temperaturforhold, ikkje for varmt og ikkje for kaldt. Det har vore veldig vått i år, men sidan graset har fått ekstra tid før det vart slått, retta det seg med tida, seier han.
– Kva med kvaliteten på graset?
– Prognosane våre tilseier at dei som starta slåtten då dei burde, har fått veldig bra kvalitet i år. Dei siste som haustar no, har likevel fått inn noko for som har vore av for dårleg kvalitet, seier han.
- Les også: