Hopp til innhold

Hydro Høyanger med gode resultat

I årets første kvartal har Høyanger metallverk eit overskot på 13 millionar kroner. Ei auke på 14 millionar samanlikna med same kvartal i fjor.

Hydro Høyanger Metallverk sett frå Høgebakkane
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Eg er godt fornøgd med resultatet for første kvartal tatt i betraktning dei låge aluminiumsprisane vi har no. Det seier fabrikksjef ved Hydro Høyanger Metallverk, Wenche Eldegard.

Ho fortel at drifta i Høyanger går godt og at det første kvartalet avspeglar god og effektiv drift.

– God drift er takka vere god innsats ifrå heile organisasjonen. Det blir jobba veldig godt med forbetringar og ein prøver no å motverke dei låge prisane som ein har i aluminium, fortel Eldegard.

Hovudårsaka til auken i resultatet er betra margin på sal av valseblokk, samt god drift med låge kostnader.

– Eg er veldig godt fornøgd.

Omsetninga vart på 389 millionar kroner dette kvartalet mot 441 millionar kroner i fjor på same tid.

(Artikkelen held fram under biletet)

Wenche Eldegard er fabrikksjef

NØGD: Fabrikksjef i Høanger, Wenche Eldegard er fornøgd med resultata frå 1. kvartal.

Foto: Tale Høyem / NRK Sogn og Fjordane

Ny rekord

Med totalt 15 735 tonn produsert vart det sett ny rekord i elektrolysen. Tilsvarande tal frå fjoråret same kvartal var på 15 571 tonn. Grunnen er høgare straumstyrke og godt utbyte på drifta.

– Anlegget har ikkje gått betre i elektrolysen enn det det gjere no og vi har låge kostnader, seier Eldegard til nrk.no.

– Dei siste kvartala har vi sett ny produksjonsrekord kvart kvartal. Så det ser veldig bra ut.

I støyperiet har ein i første kvartal produsert 27 516 tonn valseblokker, mot 29 428 tonn i same periode i 2012. Dårlegare sal av valseblokker i januar er årsaka til nedgangen. Elles opplyser metallverket at drifta i støyperiet er god med lågt vrak og låge kostnader.

Låge prisar

– Aluminiumsprisane veit vi at vil bli lågare i alle fall i andre kvartal. Det er det som bekymrar oss. Men det vi kan gjere er å halde drifta på eit bra nivå, samstundes som vi jobbar med forbetringsprogramma våre for å halde kostnadene nede.

Når det gjeld miljø er utslepp av fluor, støv og SO2 til luft frå elektrolyse innanfor krava gjeve av Klif. Elles er første kvartal 2013 heilt utan personskadar med fråvær.

– Eg er veldig godt fornøgd med at vi har eit kvartal utan skade. Det er veldig viktig for oss.

Stabilt resultat i Årdal

Arne Werge-Olsen

Fabrikksjef Årdal Metallverk, Arne Werge-Olsen

Foto: Steinar Lote / NRK

I Årdal held resultatet seg lik som fjoråret. Eit underskot på 9 millionar kroner det første kvartalet i 2013 er det same metallverket hadde første kvartal i 2012.

– I dette resultatet er det også avsetning for framtidige pensjonsforpliktingar som er 11 millionar. Det gir eit underliggjande positivt resultat på 2 millionar kroner, seier fabrikksjef Arne Werge-Olsen.

Sjølve driftsinntektene for Hydro sitt metallverk i Årdal er på 857 millionar kroner. Dette er 357 millionar kroner mindre enn tilsvarande periode i fjor.

Hydro i Årdal

Hydro Årdal Metallverk

Foto: Steinar Lote / NRK