Hopp til innhold

Sjukehustabbe gjer at kreftsjuke Hilde ikkje har fått behandling

Då kreftpasienten møtte opp for å starte livsforlengande behandling, oppdaga legen hennar at sjukehuset hadde gløymt ein viktig vevsprøve.

KRITISERAR SJUKEHUSA: Hilde Ullebø Thabyan

KRITISERER SJUKEHUSA: Hilde Ullebø Thabyan fortel historia om si behandling ved Helse Bergen og Helse Førde for at andre ikkje skal oppleve det same.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

– For meg som pasient betyr det veldig mykje. I det du får beskjed om kreft med spredning, så føler du at du har fått dødsdommen. Legane kan gå heim klokka fire, men kreften min tek ikkje fri, seier Hilde Ullebø Thabyan.

I oktober fekk ho beskjed om at ho hadde uhelbredeleg kreft i lungene. Det var Firda som omtalte saka først.

Før legane på kreftavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus starta den livsforlengande behandlinga, trong dei å ta fleire prøver. Prøvene avgjer kva type behandling Thabyan treng.

For å kome raskast mogleg i gang, vart prøvane tatt ved Førde Sentralsjukehus. Dei skulle så sende prøvane til legen hennar i Bergen, men ein av prøvane vart aldri sendt.

Denne veka, tre veker etter at prøvane vart tekne, skulle Thabyan starte med livsforlengande behandling på Haukeland universitetsjukehus. Fyrst då ho kom til Bergen, fekk ho vite om feilen. Ho måtte vente enda ei veke. På torsdag skreiv ho eit innlegg på Facebook for å dele frustrasjonen.

– Ventetida er som ein «zombietilvære». For meg betyr det mykje å klare å ha ein viss kontroll over livet mitt, ved å vite kva som herjar inn i meg, når og kva behandling eg skal få og kva reiskap legane har i verktøykassa si. No veit eg ingenting, seier ho.

Helse Førde legg seg langflate

– Helse Førde beklagar på det sterkaste. Det er ei klar tilleggsbelastning for pasienten og vår feil, seier Trine Vingsnes, som er fagdirektør i Helse Førde.

Fagdirektøren har snakka med Thabyan og beklaga feilen. Helse Førde skal no undersøke kvifor laboratoriet deira gløymde å sende prøven til Haukeland.

– Vi skal tette holet i systemet vårt så godt som vi kan. Vi set pris på at pasienten melde frå slik at vi fekk vite om feilen, seier Vingsnes.

Fagdirektøren forstår om feilen fører til svekka tillit frå Thabyan og andre kreftpasientar, og understrekar at sjukehuset tar kritikken på alvor.

– Eg forstår at andre kreftpasientar vert skremte, men samtidig håpar eg dei ser at vi tek kritikken til oss og beklagar feilen, seier ho.

Fagdirektør i Helse Førde, Trine Hunskår Vingsnes

LEGG SEG FLATE: Fagdirektør i Helse Førde, Trine Vingsnes, seier Helse Førde beklagar på det sterkaste.

Foto: Steinar Lote / NRK

Trur ikkje feilen påverkar behandlinga

Avdelingsdirektør ved kreftavdelinga på Haukeland universitetssjukehus, Olav Mella, fortel at det er komplisert å velje kva type behandling ein kreftpasient skal ha.

– Dersom kreftlegen skal forsikre seg om at alle ønskelege prøvesvar er på plass før pasienten kjem til konsultasjon, kan vi risikere at det går med enda lenger tid til venting, seier han.

Det vanlege er at pasienten får ein time på eit tidspunkt der legen forventar at alle prøvesvara har kome, fortel Mella.

– Det spesielle i det tilfellet her var at sjukehuset som tilviste (Helse Førde) ikkje bad om å få analysen som var gjort i vevsprøven tatt på sjukehuset. Det forsinkar oppstart av behandlinga, men det er liten grunn til å tru at pasienten sine utsikter har blitt forverra av det, seier han.

Vil hindre at andre opplever det same

Thabyan er takksam for at ho har så mykje familie rundt seg. Ho tenker på andre som er i same situasjon, men som gjerne ikkje er like ressurssterke.

– Å kome i gang tidleg med behandling kan avgjere kor lenge eg lever og kor god livskvalitet eg får, seier Hilde Ullebø Thabyan.

Ho vil fortelje om hendinga slik at andre kreftsjuke og familiane deira slepp å oppleve det same. No vil ho at sjukehusa granskar seg sjølve og korleis dei møter pasientane sine.

– For liv og død har det ikkje så mykje å seie. Men samstundes som eg vert sjukare får eg svekka tillit til dei som skal behandle meg. Det gjer meg veldig bekymra, seier Hilde Ullebø Thabyan.