Hopp til innhold

Gløymde at Navarsete varsla om seksuell trakassering

Generalsekretær Knut M. Olsen i Senterpartiet innrømmer no at han rett og slett gløymde at Liv Signe Navarsete varsla om seksuell trakassering i 2016.

Knut M. Olsen og Liv Signe Navarsete

STOD SAMLA: Generalsekretær Knut M. Olsen og dåverande Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete har jobba tett saman i fleire år.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

I meldinga som Navarsete fekk på Messenger stod det at «Vi har lyst på fitta di». Meldinga blei sendt frå Facebook-kontoen til ein tidlegare Sp-topp, men det var ein annan i partiet som sende meldinga.

Generalsekretær i Senterpartiet, Knut M. Olsen frå Jølster, legg seg no heilt flat og innrømmer at handsaminga av varslarsaka frå Navarsete ikkje blei handtert då slik det ville blitt gjort i dag. Han legg ikkje skjul på at han gløymde heile varselet då han blei spurt om det var #metoo-saker i partiet.

– Grunnen til det var at det var ei sak som vi oppfatta som avslutta og den gongen førte vi dessverre ikkje logg på varsla. Det var rett og slett slik at eg ikkje hugsa den saka då dette kom opp. Dei andre varsla vi har fått til partiet har kome i haust og i vinter.

– Du hugsa ikkje at din tidlegare partileiar hadde varsla om seksuell trakassering?

– Eg vil ikkje gå inn på korleis det blei handtert den gangen, men den blei sett på som avslutta. Difor skal eg vere heilt open på at den var ute av mitt hovud. Det må eg berre beklage.

Veit ikkje kven som sende meldinga

No seier generalsekretæren at alle varslingssaker som kjem inn til partiet blir handsama langt meir alvorleg, også saka om Liv Signe Navarsete og den stygge meldinga på Messenger.

– Vi tek saka på det største alvor. Så vil eg ikkje nærare inn korleis vi handterer saka. Vi handterer den i nært samarbeid med Liv Signe no i all fortrulegheit.

– Vil det få konsekvensar?

– Det er ein del av handsaminga så det vil eg ikkje gå inn på.

– Veit de kven som sende meldinga?

– Nei.

Sjokkert over meldinga

Sjølv blei Liv Signe Navarsete sjokkert då ho fekk meldinga frå sin partikollega og blei liggande vaken og tenke.

– Eg tykte det var veldig merkeleg. Eg stiller opp fordi eg meiner at slike saker skal vi ikkje ha i noko parti. Eg er ei vaksen dame på snart 60 og ganske tjukkhuda, men om eg var 16–17 år og fekk ei slik melding, så hadde eg sannsynlegvis ikkje møtt opp att på eit møte i Senterpartiet, sa Navarsete til NRK i går.

Liv Signe Navarsete fortel korleis det var å få trakasserande melding

Kva konsekvensen kan bli for den eller dei som sende meldinga til Navarsete vil ikkje generalsekretær Knut M. Olsen gå inn på. På generelt grunnlag seier han følgjande:

– Det kan vere alt frå munnleg åtvaring til i verste fall ekskludering. Totalt har vi sju varsel, der fleire er langt tilbake i tid. Det eldste er frå 1998. Dei fleste er ferdigbehandla, seier Olsen.