Regjeringa Stoltenberg føreslo i dag å gje Høgskulen i Sogn og Fjordane 1,34 millionar kroner meir i støtte enn det Bondevikregjeringa gjorde tidlegare i år. Trass i dette må høgskulen framleis kutte 50 av studieplassane. Dette går utover avdelinga på Sandane, seier rektor Johs Thaule.
- Vi hadde venta oss ein betring, og det har vi fått. Men heilt nøgde er vi ikkje, i og med at vi ikkje har fått alt vi ba om, seier Thaule.
- Eit uheldig vedtak
Høgskulen lagde ei liste i oktober over kva studietilbod dei ville prioritere etter at Bondevikregjeringa kutta sju og ein halv million kroner i basisløyvingar. Styret bestemte då at avdelinga på Sandane skulle kuttast først, om pengane ikkje kom tilbake i den nye regjeringa sitt budsjett. Dette meinar ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal er uheldig.
- Det tilbodet som er på Sandane passar godt for vaksne arbeidstakarar som vil ta vidareutdanning. Eg meiner at høgskulen skyt seg sjølv i foten med dette vedtaket, seier Ryssdal.
70 studieplassar
Høgskulen si avgjerd betyr slutten på 70 studieplassar i spesialpedagogikk, studietilbod i musikkterapi samt deltids lærarutdanning. Svein Heggheim som er leiar for avdelinga til lærarutdanninga er samd med Ryssdal om at det er uheldig at avdelinga på sandane vert lagt ned.
- Ein viktig del for vår avdeling er i ferd med å bli trappa ned, og det er problematisk, meiner han.
- Må handle ansvarleg
Johs Thaule. Arkivfoto©NRK
Rektor Johs Thaule seier han skjøner at dette er negativt for Sandane, men at han må handle ansvarleg ut får dei rammevilkåra dei har.
- Det er det som er bakgrunnen for dei prioriteringane vi har gjort, og som heile høgskulestyret stilte seg bak tidlegare i haust, seier han.