Hopp til innhold

Maten frå denne gjengen er kåra til den beste i Norge

Kvar dag får eldre i Gloppen servert gylne måltidsaugneblikk. Maten får dei frå landets beste kommunale kjøkken.

Gloppen kommunale kjøkken

TOMMEL OPP: Dette er tre av dei fem tilsette som står på for å lage god mat til dei eldre i Gloppen. Kjøkkensjef Gunnvor Sunde i midten, saman med kokkane Jean Daniel Tenud (t.v.) og Per Arne Bakke (t.h.).

Foto: Privat

– Då eg fekk telefonen var eg på gråten. Vi har jobba lenge og hardt for å bli best. No er vi i lukkerus, seier kjøkkensjef Gunnvor Sunde.

Nyleg vart Gloppen kommunale kjøkken kåra til suveren vinnar i konkurransen «Gyldne måltidsaugneblink» for heimebuande eldre. Landbruks- og matdepartementet har saman med forbrukarrådet kåra Gloppen omsorgssenter til landet beste.

– Det er kjekt å vinne. Vi har mest fokus på at det skal vere bra for dei som får tenestene våre. Vi skal ikkje pakke opp og varme mat som andre har laga. Det er vi på kjøkenet som skal lage maten med vårt personlege, seier Sunde.

Maten skal smake godt og sjå bra ut

Maten frå dei fem tilsette i Gloppen kommunale kjøkken skal mest av alt smake, men like viktig er det å freiste auget som ser. Når kjøkkenet sender frå seg maten er det måltidsglede som står i fokus.

– Det er viktig med variasjon og farge. Det skal sjå bra ut og smake godt, seier Sunde.

Gloppen kommunale kjøkken

FRISKE FARGAR: Maten skal både smake bra og sjå god ut.

Foto: Privat

Dagleg står dei tilsette på for å levere frå seg gylne augneblikk som frivillige leverer på dørene til eldre som bur heime.

Kjøkenet nyttar lokale råvarer og matvarer som er i sesong. No på hausten kan det vere plommer til plomegraut. Det heile blir til gjennom nært samarbeid mellom kjøkkenet, heimesjukepleia og frivillige.

– Heimesjukepleia melder tilbake kva dei eldre toler og likar av maten dei får. Vi har ønskekost, så vi strekk oss så langt når det gjeld ønskjer frå brukarane.