Hopp til innhold

Nordfjord er mest aktuelt, men Gloppen ser i alle retningar

Formannskapet i Gloppen ynskjer å greie ut tre alternativ med tanke på eiga framtid som kommune. I tillegg til Nordfjord ser dei mot Sunnfjord – samt på alternativet å halde fram på eigne bein.

Anders Ryssdal

SER SEG KRING: Gloppen kommune vil vere med på utgreiingar både i Sunnfjord og Nordfjord. – Glopparane er trass alt nordfjordingar, så det står oss hjarte nærme, seier ordførar Anders Ryssdal (Sp).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Formannskapet i Gloppen gav i dag kommunestyret si tilråding i det vidare arbeidet med kommunereforma i Nordfjord.

Kommunen ynskjer å vere med i ei utgreiing i Sunnfjord, og også vere med på ei utgreiing i Nordfjord. Til slutt vil ein også sjå på moglegheitene til å stå åleine.

– Det er nok slik at vi tenkjer eitt spor sørover, eitt spor nordover i tillegg til at vi vil sjå på korleis det vil gå med Gloppen om vi står åleine, seier ordførar Anders Ryssdal (Sp).

Nordfjord mest aktuelt

Kommunereforma er i desse tider aktuelle saker i alle av landets kommunar. I Askvoll ynskjer dei så sjå på alternativa med ein storkommune i Sunnfjord, samt eit mindre alternativ i HAFS.

Kommunestyret i Gloppen skal handsame saka førstkommande måndag. Slik ordførar Ryssdal oppfatta formannskapsmedlemene, er det Nordfjord som er mest aktuelt.

– Glopparane er trass alt nordfjordingar, så det står oss hjartet nærast, seier han.

Føreslo endringar

I den vidare utgreiinga oppmodar rådmannen til at det også blir drøfta kva eventuelle nye kommunar skal heite, og kvar rådhusa/kommuneadministrasjon skal ligge i dei alternativa som blir greidde ut.

Ragnar Eimhjellen (V) ynskte i tilrådinga å konkretisere utgreiingane. Framlegget fall med fire av ni røyster. Rådmannen sitt framlegg fekk fem røyster.

– Når det gjeld utgreiinga i Sunnfjord, så vart den vedteken med åtte mot ei røyst, seier Ryssdal.

Folkerøysting

Arnfinn Brekke og KrF ynskte å takke nei til det vidare utgreiingsarbeidet som Sunnfjord-kommunane legg opp til.

– Kvifor ser de så breitt på utgreiingsarbeidet, Ryssdal?

– Det er nok fordi vi ynskjer oss ei folkerøysting, og då blir det tre alternativ. Det er det som ligg til grunn for utgreiingane.

Ei eventuell folkerøysting er tenkt gjennomført etter valet i haust, truleg på vårparten i 2016.