Hopp til innhold

Gler seg til MGPjr-finalen i Oslo Spektrum

Laurdag 5. november står Vilde Hjelle (13) og Anna Naustdal (12) i Oslo Spektrum og framfører låten si «Vestlandet».

Anna Naustdal (12) og Vilde Hjelle (13)

GLADE OG SPENTE: Anna Naustdal og Vilde Hjelle.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Det er Vilde som har skrive teksten, og Anna har laga andrestemma til låten. Og på laurdag er det alvor.

– Det vert veldig kjekt, seier 13 år gamle Vilde.

Ho og veninna Anna (12) kjem aldri til å gløyme den dagen då dei fekk beskjed om at dei var komne gjennom nålauge til MGPjr.

– Vi kom til det som vi trudde var 2. audition, og det var ein heilt umogleg audition, ler Anna.

For det var allereie avgjort, Vilde og Anna var dei einaste som ikkje visste at dei var vidare.

Vi sjekker hvor godt MGPjr-finalistene kjenner hverandre!

SJÅ VIDEO: NRK Super har laga denne «bli kjend-videoen» om Anna Naustdal og Vilde Hjelle.

Konkurrerte med over 1000 andre

Heile 1312 bidrag kom inn, nesten 600 meir enn i fjor. Blant desse er altså dei to Nordfjord-jentene plukka ut.

Songen dei skal delta med heiter «Vestlandet» og er skriven av Vilde.

– Vi hadde vore med på UKM tidlegare der vi hadde laga eigne songar. Det har vi halde fram med, og så laga vi «Vestlandet» og då fann vi ut at vi skulle melde oss på MGPjr, seier Vilde.

– Det er jo du Vilde som har skrive teksten, korleis kom du på den?

– Vi bur på Vestlandet og tykkjer det er fint her, så kvifor ikkje berre lage ein song om det liksom.

Når jentene entrar scena i Oslo Spektrum på laurdag har dei også med seg ein solid heiagjeng. 300 personar frå heimbygda kjem nemleg til å vere i salen.

– Det betyr veldig mykje, og det er kjekt at så mange kjem frå heimbygda vår seier, Vilde.

– Vi håpar jo at alle skal like songen vår, seier Anna.

Både skummelt og kjekt

– Det blir litt skummelt, men no gleder vi oss berre, seier dei to jentene nesten i kor.

Mest av alt gleder dei to seg til å møte dei andre finalistane igjen.

– For vi blei veldig gode venner med dei andre, seier Anna.

– Men det hadde vel vore kjekt å vinne også?

– Ja heilt klart, men det er ikkje det som er det viktigaste. Det viktigaste er å vere med og å møte dei andre finalistane, seier jentene.

Tidligere vinnere av Melodi Grand Prix junior

År

Artist

Sang

2002

To små karer

Paybacktime

2003

2U

Sinnsyktgaltforelsket

2004

Aleksander Moberg

En stjerne jeg skal bli

2005

Malin Reitan

Sommer & skolefri

2006

Ole Runar Gillebo

Fotball er super

2007

Celine Solemsløkk Helgemo

Bestevænna

2008

The BlackSheeps

Oro jaska beana

2009

Jørgen Dahl Moe

Din egen vei

2010

Torstein Snekvik

Svikter aldri igjen

2011

Sval Rosenløw Eeg

Trenger deg

2012

Marcus & Martinus

To dråper vann

2013

Unik 4

Så sur da

2014

Mathea-Mari

#Online

2015

The Floer Kulseng

Du gjør mæ så glad

Ekspander/minimer faktaboks