Hopp til innhold

Gler seg over svak kronekurs

Ikkje på 5 år har den norske krona vore svakare mot dollar og euro. Det er godt nytt for eksportverksemder og reiselivet i Sogn og Fjordane.

Richard Grov og Sverre Søraa

GLER SEG: Hotelldirektør ved Alexandra Hotel i Loen, Richard Grov (t.v.), og Sverre Søraa i Coast Seafood, meiner svak kronekurs kan vere bra både for reiselivet og eksportverksemder.

Tusenvis av utanlandske turistar finn vegen til norske hotell om sommaren. Eit større søkelys på Norge frå store turoperatørar er ein av konsekvensane av dagens låge kronekurs.

Hotelldirektør Richard Grov ved Alexandra Hotel i Loen seier dei store turoperatørane følgjer med på den norske krona.

– Når dei kjøper norske kroner, så sit dei på dei. Då er ikkje dei utsette for nokre svingingar. Når du sit på ein del norske kroner, må du nødvendigvis bruke dei i Norge, seier Grov.

Dersom turoperatørane no utnyttar den svake krona, vil det også påverke kva reisemål dei satsar på, seier hotelldirektøren.

– Fokuset deira vil bli retta meir mot Norge når det gjeld innsalet, og korleis dei legg opp turane sine og feriane sine. Det er positivt for Norge som turistdestinasjon, seier han.

Dobbelt godt nytt for eksportørane

Torsdag kosta ein dollar 6,83 kroner, medan ein Euro kosta 8,54 kroner. Ifølgje Næringslivsavisa E24 er det truleg lågare oljepris som er årsaka til at krona no vert kraftig svekka.

I Måløy sit tilsette i Coast Seafood og sel store mengder fisk til utlandet. Dei to siste vekene har kiloprisen på laks stege med to kroner. Administrerande direktør Sverre Søraa kan difor glede seg dobbelt over det som no skjer

– For eksportnæringa er dette gode nyhende. Styrka kursar betyr at oppdrettarane får meir betalt for laksen. Når vi då i tillegg ser starten av julerushet, kor lakseprisen også styrkar seg, får vi i pose og sekk, seier Søraa.

Ikkje berre godt nytt

Det er usikker kor lenge krona vil vere påverka av ein lågare oljepris. Og udelt positivt er det ikkje. Ei svekka norsk krone kan bety ei svakare utvikling av norsk økonomi, og gjer det dyrare for oss å vere turistar i utlandet.

– For nasjonen Norge er det ikkje nødvendigvis positivt med lågare oljeprisar og ein svekka kurs. Men for eksportnæringa er det godt nytt, seier Søraa.