Hopp til innhold

Gler seg over historiske lakseprisar

Lakseoppdrettarane kan ikkje hugse siste lakseprisane var så gode som dei er no.

Norsk laks

GODE PRISAR: Lakseoppdrettarane opplever svært gode lakseprisar om dagen.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

I dag sel nemleg oppdrettarane laksen for over 50 kroner kiloet.

Elin Tveit Sveen i Marøy Havbruk på Svanøy i Flora kommune gler seg over historisk god pris.

– Vi har rekordprisar som vi ikkje kan hugse sist vi opplevde, seier ho til NRK.no.

– Heilt fantastisk

Til no i år er det eksportert laks for vel 31 milliard kroner, det viser tal frå Norsk sjømatråd. Også mengda laks som blir eksportert er rekordstor.

Ola Braanaas i Firda Sjøfarmer starta med oppdrett av laks i 1994, og på dei snart 20 åra han har vore i bransjen kan han ikkje hugse å ha fått over 50 kroner kiloet.

– Eg synest dette er heilt fantastisk. Det er veldig bra at vi har norske bedrifter og ei næring i Norge som gjer det veldig bra, og som ikkje er oljerelatert, seier han.

Stor etterspurnad

Forklaringa på dei gode prisane er stor etterspurnad etter norsk laks.

– Dei gode prisane skuldast for det meste ubalanse i marknaden. Det er mykje større etterspurnad enn det vi klarer levere.

– Prisane skuldast også at vi har ei svekka krone som gjer at prisane i eksportmarknaden trekkjer opp, seier Braanaas.

(Artikkelen held fram under)

Ola Braanaas

FANTASTISK: Seier Ola Braanaas om dei historisk gode lakseprisane.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Vil gjerne produsere meir

Tveit Sveen på Svanøy seier dei veldig gjerne skulle ha produsert meir. Førebels er taket for produksjonen nådd.

– Skal vi kunne vekse meir no, må styresmaktene gje oss lov til å produsere meir.

– Marknaden der ute skrik etter meir laks, og underdekninga i marknaden er forklaringa på dei høge prisane. Hadde vi fått lov produsere meir laks i Norge, hadde det ikkje vore problem å selje den.

Braanaas veit at mange misunner næringa dei gode tidene.

– Misunninga er ofte sterkare enn kjønnsdrifta, men det viktigaste må vere å gle seg over norske bedrifter som gjer det godt, seier han.