Hopp til innhold

Gler seg over godt fiske i Lærdalselva

Det er teke 138 laks i Lærdalselva på dei 10 første dagane elva har vore open.

Trygve Gullaksen

STOR LAKS: Trygve Gullaksen frå Florø fekk denne sværingen på kroken då han fiska i Lærdalselva. Den var 107 cm og vog 12,7 kilo. Laksen blei sleppt tilbake i vatnet, noko 70 prosent av all den fiska fangsten blir.

Foto: Privat

Lasse Sælthun

MYKJE FISK: Leiar Lasse Sælthun i Lærdal elveeigarlag seier dei er tilbake på eit normalår når det gjeld talet på laks som er fiska.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Det skriv Sogn Avis i dag. Etter 17 år prøver laksefiskarane igjen fiskelukka i Lærdalselva. I 1996 blei det oppdaga parasitt på fisken som førde til stenging av elva.

Leiar Lasse Sælthun i Lærdal elveeigarlag seier det er som å vere tilbake i gode gamle dagar.

– Vi er veldig godt nøgde. Til no er det fanga 138 laksar. Om lag 70 prosent av laksen er sleppt ut att og resten er avliva, seier han til NRK.no.

Den største er 13 kilo

Jomar Haukås drog første laksen

FIN FANGST: Jomar Haukås fanga mest truleg den første laksen i Lærdalselvi på 17 år.

Foto: Privat

Den største laksen som er teken er på 13 kilo, men mange har fått laksar på rundt 12 kilo på kroken.

– Det er lite smålaks som er fiska, dei minste er vel rundt åtte-ni kilo.

Elva har vore stengt for både kongelege og andre fritidsfiskarar etter at den dødelege lakseparasitten Gyrodaktylus salaris blei oppdaga i 1996. Kampen mot parasitten har kosta 45 millionar kroner.

Kan ikkje vere sikre

Sælthun seier det følast svært godt å vere i gang med fiske att. Det har hatt besøk av mange fiskarar som var her før gyroen blei oppdaga. Men om elva er heilt frisk att, veit dei først om nokre år.

– Heilt sikre kan vi ikkje vere før det har gått fem år etter siste behandling.

– Korleis er 138 laksar samanlikna med tidlegare år?

– Det er slik det var i gode gamle dagar då vi hadde ordinært fiske. Eg trur vi er tilbake til dei same tala, seier han.

For første gong på 17 år blir den vidgjetne Lærdalselvi i Sogn opna opp for laksefiske. Kampen mot den dødlege lakseparasitten har kosta 45 millionar kroner.

SJÅ VIDEO: Endelig opna Lærdalselva for fiske igjen.