Hopp til innhold

- Coop-oppkjøp blir spennande

– Coop sitt oppkjøp av ICA vil gje fleire butikkar og vi vil bli sterkare totalt sett i marknaden. Det trur administrerande direktør i Coop, Geir Espe.

Geir Espe

FOR TIDLEG: Det er for tidleg å seie kva oppkjøpet vil seie for stadane der det finst både ein COOP-butikk og ein ICA-butikk

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det vil gje oss endå meir tilgjengelegheit for både kundane og medlemmane våre. For oss er dette ei interessant og spanande utfordring, seier Geir Espe, administrerande direktør i Coop.

ICA har slite lenge, og har tapt pengar over mange år. Dersom Konkurransetilsynet godkjenner oppkjøpet av ICA, står det att tre store daglegvareaktørar i Norge, med rundt ein tredjedel kvar: Coop, Norgesgruppen og Rema 1000.

I dag vart det kjend at Coop kjøper ICA sine 550 butikkar i landet for 2,5 milliardar kroner.

– Kundane vil ha meir tilgang på våre butikkar. Så vi tykkjer det er veldig spanande, seier Espe.

For tidleg å seie kva det betyr for Sogn og Fjordane

Det er for tidleg å seie kva som vil skje på stader som har ein Coop- og ein ICA-butikk.

– Det som skjer no er at Konkurransetilsynet skal godkjenne dette. Det er dei som vil vurdere situasjonane der det skjer. Vi må vente på kva Konkurransetilsynet seier, seier Espe.

– Det kan bety at enkelte småstader misser den eine av sine to butikkar i framtida?

– Det er for tidleg å seie. Det kan finnast andre løysingar også. Men først må kjøpet godkjennast av Konkurransetilsynet, og då vil dette vere eit tema. I mellomtida held vi fram vår drift på vanleg måte, seier Espe.