Glatte vegar fleire stader

Det blir meldt om glatte vegar fleire stader i Sogn og Fjordane i morgontimane. På E39 mellom Matre i Hordaland og Oppedal ferjekai i Gulen har det kome fleire meldingar frå bilistar. – Der er det veldig glatt. Entreprenøren er ute for å salte, seier Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i Lærdal. Han får inn stadig nye telefonar med meldingar om glatte vegar. Spesielt kjem telefonane frå ytre strok. – Det har blant anna kome meldingar frå Hyllestad, og om vegen mellom Naustdal og Stavang, seier Erikstad.