Hopp til innhold

25 vogntog stod fast på Hemsedalsfjellet: – Det var blank is

Vegen var stengd i over to timar då fleire vogntog fekk problem på glatta. – Bilane berre sklei ned bakkane, seier ein av sjåførane som sjølv hamna i grøfta.

Rett før Breistølen på Hemsedalsfjellet.

KAOTISK: Vinteren er komen til høgfjellet. I dag blei mange bilar råka av glatt føre på veg opp Hemsedalsfjellet.

Foto: NRK-tipsar

  • Riksveg 52 er no opna att for fri ferdsel etter at vegen var stengd i over to timar.

– Då vi var på veg oppover stod to vogntog side om side og spann, ingen av dei hadde kjetting, fortel sjåføren til NRK.

Statens vegvesen sin entreprenør på staden var oppe på fjellet og sjekka forholda rundt klokka 14, då var det bra. Men få timar seinare fraus det på.

– Det var blank is og så glatt at bilane berre sklei ned bakkane, fortel sjåføren.

Han var sjølv i grøfta med hengaren på vogntoget, men har no kome seg over fjellet.

Riksveg 52 er ein av dei mest trafikkerte fjellovergangane i Noreg og ein heilt sentral veg mellom aust og vest i Sør-Noreg.

Men torsdag kveld var det bom stopp.

– Kaotisk er nok det rette ordet, sa vakthavande i Statens vegvesen, Ketil Molvær, til NRK i ettermiddag.

I dei bratte bakkane frå Borlaug i Lærdalsdalen og oppover mot fjellet stod bilane på rekke og rad no og ventar på hjelp.

– Siste meldinga er det at 20-25 vogntog på veg opp frå Borlaug. Står pynteleg på rekke og rad. Eg trur mange av dei vil få problem med å dra i gang igjen, sa Molvær.

Han la til:

– Vi får sjå det litt an, dette vil ta tid å løyse opp i. Vi tilrår alle å køyre E16 over Filefjell no dei næraste timane.

NRK sin fotograf på staden, melde at det raskt byrja å samle seg kø ved Borlaugkrysset, trass i at det er mogleg å køyre via Filefjell.

Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Finden, seier at dei vil følgje opp hendinga.

– Vi kan ikkje sjå at entreprenøren har gjort noko feil, men vi følgjer alltid opp slike saker for å sjå om vi kan lære noko av det, seier Finden.

På dei andre fjellovergangane i Sør-Noreg blir det meldt om fare for glatte parti. Dette gjeld blant anna riksveg 7 over Hardangervidda og E134 over Haukelifjell.

Bommen nede på Borlaug.

BOM STOPP: I krysset på Borlaug i Lærdalsdalen var vegen opp til Hemsedalsfjellet stengd torsdag kveld.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK