Hopp til innhold

Gladmelding til kraftverkeigarar

Tre kraftverk i Sogn og Fjordane får likevel kome inn under ordninga med grøne el-sertifikat.

Kjøsnesfjorden kraftverk

DYR INVESTERING: Kjøsnesfjorden kraftverk i Jølster vart dyrt for Sunnfjord Energi. Vedtaket i Stortinget onsdag kveld betyr 35 millionar kroner i pluss årleg.

Foto: Sunnfjord Energi

Det gjeld Kjøsnesfjorden kraftverk, Innvik kraftverk og Byrkjelo kraftverk.

Det er klart etter at Venstre og Krf har gjort framlegg for Stortinget om ei utviding av dagens ordning, og dei får støtte av Høgre og Framstegspartiet.

35 millionar berre for Sunnfjord Energi

Fylkestingsrepresentant Frank Willy Djuvik (Frp) seier det var ein glipp at dei tre selskapa ikkje kom med i ordninga i første runde.

– Det som var heilt skeivt var at då ordninga med nye grøne sertifikat vart innført kom ikkje kraftverka som var bygde mellom 1. januar 2004 og 7. september 2009 inn i ordninga.

Både den forrige og den noverande regjeringa har jobba med dette. Det vart semje om at alle kraftverk under 10 megawatt kom inn under grøne sertifikat-ordninga. Men dei tre kraftverka i Sogn og Fjordane er over 10 megawatt og vart dermed ikkje omfatta av ordninga.

– Vi har brukt mykje tid på dette fram til lovforslaget skulle behandlast i Stortinget, og no har vi fått inn desse tre kraftverka, og det er veldig gledeleg. Det ville ha vore urimeleg om dei vart haldne utanfor.

Økonomisk har dette mykje å seie for kraftverkeigarane. Berre for Kjøsnesfjorden kraftverk åleine betyr det 35 millionar kroner i året i brutto inntekter.

Fredrik Behrens

FORNØGD: Adm. dir. Fredrik Behrens i Sunnfjord Energi.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Dyre kraftverk

Det er Sunnfjord Energi som eig Kjøsnesfjorden kraftverk, og for administrerande direktør Fredrik Behrens er dette sjølvsagt godt nytt.

– Vi er veldig nøgde dersom det går den vegen det ser ut til å gå. Det betyr mykje for Kjøsnesfjorden kraftverk og for Sunnfjord Energi. Av energiselskapa er det vi som har investert mest på eit seint tidspunkt, difor har vi dyre kraftverk og store finansutgifter.

Med fallande kraftpris dei siste åra har Sunnfjord Energi slite med å oppnå gode resultat.

– No kjem vi inn under den ordninga vi føresette då vi gjorde vedtaket om bygge ut Kjøsnesfjorden, så no tek det til å bli rett. No får vi betre betalt, og det blir meir til kommunane som eig oss.

– Lang forhistorie

Avgjerda i Stortinget blir teken onsdag kveld, men stortingsrepresentant Steinar Reiten (KrF) tek for gitt at det går gjennom.

Steinar Reiten

HONNØR TIL HØGRE OG FRP: Stortingsrepresentant Steinar Reiten (KrF).

Foto: Trond Vestre / NRK

– Dette har ei lang forhistorie. Det starta med kraftkrisa som oppstod etter den tørre vinteren 2003. Bondevik 2-regjeringa sette i gang arbeid med grøne sertifikat og oppmoda om å byggje ut kraft. Vi føler at vi no endeleg kan kvittere ut dei lovnadene som vart gjevne den gongen, i og med at dei kraftverka som såg ut til å falle utanfor, no blir med.

Men det var i absolutt siste liten at dei tre kraftverka i Sogn og Fjordane kom med.

– Venstre og KrF fremja eit fellesforslag i dag, der vi bad om at desse siste kraftanlegga vart med. Vi fekk melding utpå føremiddagen om at regjeringspartia ville støtte det. Så eg vil gje Høgre og Frp honnør for at dei er så lydhøyre heilt i avslutningsfasen.