Gladmelding til badegjestar

Flora kommune og Sørstrand folkepark er samde om å få på plass skikkelege toalettforhold. I første omgang er det snakk om mellombelse festivaltoalett i sommar, men så meir permanente toalett frå neste sommar. Saka skal opp til endeleg vedtak i bystyret i juni. Ei eiga arbeidsgruppe blir sett ned for å planlegge eit større sørvisbygg i parken.