Glade for norsk oppkjøp

Både dei tilsette og redaktørane i Firda og Firdaposten er letta og positive til nyheita om at avisene i dag har fått ny eigar.

Firda og Firdaposten

FRÅ A-PRESSE TIL BANKSTIFTING: Avisene Firda og Firdaposten er politisk uavhengige, men har hatt eigarar på venstresida av politikken. Med oppkjøpet til DNB er banda til det gamle A-pressen kutta for godt.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– For meg verkar dette veldig positivt. Det det har vore uvisse og rykte om den eine og andre moglege kjøparen, seier Firda-redaktør Yngve Årdal.

Yngve Årdal

LETTA: Yngve Årdal er glad for at det er kome ei avklaring.

Foto: Bård Siem / NRK

Måndag ettermiddag vart det kjent Sparebankstiftelsen DNB kjøper 100 prosent av aksjane i aviskonsernet Amedia. Seljar er LO, Telenor og Fritt Ord. Konsernet med 78 aviser vil bli eigd gjennom ei ny avisstifting.

Allmøte

I Sogn og Fjordane eig Amedia avisene Firda og Firdaposten, i tillegg til ein eigarpost i Sogn Avis gjennom Firda Media. Konsernet har også trykkeri i Førde.

Dei tilsette i Firda vart orienterte om oppkjøpet under eit allmøte måndag. Etter at Telenor og LO lenge har signalisert at dei ville selje, er redaktøren glad for å ha fått ei avklaring.

– Det har vore kjent over tid at dei ønskte seg ut. Ingen er tent med det. Eg er også glad for at konsernet ikkje blir splitta opp. Både Firda og Firdaposten ligg i eit område der det ikkje har vore så mange andre Amedia-aviser. Vi har tenkt at vi kunne bli lagt ut for sal, vedgår Årdal.

Firda

AMEDIA I FØRDE: Firda Media held til i avishuset den då familieeigde avisa bygde i 1986. I dag er avisa leigetakar i bygget som også husar Amedia sitt trykkeri, Sogn og Fjordane Avistrykk og fleire andre Amedia-verksemder.

Foto: Bent Are Iversen, Firda Media

Trur på like tøffe tider

På ein pressekonferanse måndag ettermiddag gjorde den nye eigaren det klart at dei vil halde på dei 78 avisene som i dag utgjer Norges nest største mediekonsern.

– Vi er glade for at det er ein norsk eigar, og det ser ut som ein langsiktig eigar. Eg trur dette er veldig bra for mediemangfaldet. Men oppgåva vår blir den same. Vi må levere innhald som lesarane vil lese, og krava blir nok like tøffe, påpeikar Årdal.

Leiar i Sogn og Fjordane Journalistlag og Firda-tilsett, Svein Rune Kjøllesdal, fortel om god stemning i avishuset på Øyrane i Førde etter at oppkjøpet vart kjent.

– Vi er veldig glade for å ha fått ei avgjerd. Eg trur ikkje vi kunne fått ei betre løysing. Mitt inntrykk er at folk er positive, seier Kjøllesdal.

Firdaposten avisbygg i Florø

AMEDIA I FLORØ: Firdaposten held til i same bygg som E. Natvik Prenteverk på Evja i Florø

Foto: Ottar Starheim / NRK

Norsk og langsiktig

Svend Arne Vee

NORSK EIGARSKAP: Firdaposten-redaktør Svend Arne Vee trur ein norsk eigar har større forståing for utfordringane norsk presse står overfor, enn kva ein utanlandsk oppkjøpar ville hatt.

Foto: Dag Frøyen, Firdaposten

Firdaposten-redaktør Svend Arne Vee meiner det har mykje å seie at avisene blir verande på norske hender.

– Eg blei eigentleg litt overraska over løysinga, men med positivt forteikn. Norsk eigarskap er ein fordel. Det handlar om nærleik og forståing for det norske mediemangfaldet og strukturen. Det er ikkje gitt at ein utanlandsk eigar hadde forstått det.

Dag Nesbø Frøyen

– LOVAR GODT: Klubbleiar Dag Nesbø Frøyen i Firdaposten meiner signala frå den nye eigaren så langt er positive.

Foto: Privat

Vee trur det også er ein fordel at ein no får ein eineeigar.

– Vi har hatt to veldig ulike eigarar. Ein har vore oppteken av innhald, mens Telenor hatt ein annan innfallsvinkel levert infrastruktur og skulle tene pengar, seier Vee som legg til at også han er glad for at konsernet ikkje blir splitta opp.

Også redaksjonsklubben i Firdaposten deler redaktøren sin entusiasme.

– I utgangspunktet ser vi positivt på dette. Vi veit fint lite, men det er positivt at vi får ein norsk eigar. Ikkje utanlandske som skal tømme oss for verdiar eller kortsiktig vinst. Vi har fått signal om at dei tenkjer langsiktig og vil ha ei god lokalpresse, seier klubbleiar Dag Nesbø Frøyen.