Hopp til innhold

Glade amatørar i europacup

Førde Volleyballklubb har ikkje ein einaste spelar som er betalt for å spele volleyball. Likevel satsar klubben svært ambisiøst på å hevde seg internasjonalt.

Mathias Loftesnes i angrep mot Kristiansund

VIL UTVIKLE SEG: Mathias Loftesnes og dei andre Førde-spelarane brukar internasjonal matching for å bli betre.

Foto: Rune Fossum / NRK

Komande laurdag tek herrelaget til Førde VBK imot det finske laget Etta Oulo i europacupen i volleyball i Førdehuset.

Det finske laget vann 3-0 (25-18, 25-22 og 25-21) i det første oppgjeret i Oulo i Finland sist helg. Men trenar Frank Kalstad trur likevel Førde kan avansere til neste runde.

– Vi tapte 3-0, men det var små marginar som kunne ha vippa setta i vår favør. Vi spelte ikkje nokon god kamp, mange av spelarane har mykje å gå på, og med eit entusiastisk publikum i ryggen trur eg vi kan slå Etta Oulo.

Neste helg spelar Førde VBK i Nordic League, ei turnering der svenske Linköping, danske Marienlyst og norske Koll er med. For to år sidan vann Førde Nordic League, i fjor vart dei utslegne i innleiande runde.

Frank Kalstad

- TØFT, MEN VIKTIG: Trenar Frank Kalstad.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Visst er det tøft

Kalstad har sjølv ein sivil jobb i tillegg til trenarvervet, og han ser at det kan vere utfordrande for dei glade amatørane dei er å satse så ambisiøst i tillegg til dei norske serie- og cupkampane.

– Visst er det tøft. Spelarane må forsake mykje for at vi skal få det til, det handlar om folk som har skule eller jobb på heiltid. Men det er svært utviklande, i desse kampane betyr kvar ball noko for utfallet, det er Nyborg pluss i kvar kamp.

Og skulle Førde VBK slå det finske laget og gå vidare i europacupen blir det endå tøffare.

– Då må vi til Minsk i Kviterussland og spele kamp midt i veka. Det blir i så fall ei utfordring, men vi må få til det og.

– God målestokk

Men Kalstad meiner dette må til for å utvikle laget vidare. For den internasjonale matchinga betyr mykje. I den heimlege serien er det stort sett berre i kampane mot Nyborg laget må vere 100 prosent skjerpa heile tida for å vinne.

– Vi vil bli betre, og då er det ein god målestokk å spele mot dei beste laga frå andre land, det motiverer spelarane, og det gir tilskodarane våre fleire gode opplevingar. For lagidretten i Sogn og Fjordane er det viktig å sjå at eit lag herifrå kan konkurrere på eit slikt nivå.

Førde VBK vann over Habo

FLEIRE ÅRS ERFARING: Førde VBK har spelt internasjonalt i fleire år. Dette er frå ein kamp mot svenske Habo. Då var Arild Undheim trenar for Førde.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Litt meir profesjonelle kvart år

Tidlegare har andre norske volleyballag avstått frå å delta internasjonalt, medan Førde VBK har satsa medvite nokre år. Frank Kalstad innser at det er ein lang veg å gå om dei skal nærme seg dei beste laga i Europa.

– Men vi prøver å bli litt meir profesjonelle kvart år, vi er trass alt den største volleyballklubben i landet. Vi drøymer om å kunne kjøpe spelarar fri for å kunne trene endå meir, men førebels er det ikkje realistisk.

Kontrasten til Sogndal Fotball, som er den einaste klubben i Sogn og Fjordane som driv profesjonell lagidrett, er stor. Sogndal er enno eit stykke unna å få spele europacup, men Kalstad innser at det er eit langt trongare nålauge å kvalifisere seg for europacup i fotball.

– Eg har stor respekt for det dei held på med i Sogndal, klubben driv svært profesjonelt.