Hopp til innhold

Hadde Førde-retur i tankane då han mangla tillit – men no er han glad han vart i Sogndal

Førre sesong fekk Ruben Holsæter smått med speletid i Sogndal, og hadde ein tung periode. Men han beit tennene i hop. Det har betalt seg.

Ruben Holsæter

KLAR TIL KAMP: Ruben Holsæter er budd på ein tøff kamp mot Sandnes Ulf.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det var tøft å ikkje så spele noko og ikkje ha tillit. Men det handlar om å jobbe hardt og komme seg inn på laget. Eg føler eg har komme styrka ut av den perioden, seier Holsæter.

Han gjekk frå Førde til Sogndal sommaren 2011, og debuterte i Tippeligaen i september same år, medan Harald Aabrekk var trenar for Sogndal.
Holsæter signerte i sommar for tre nye år i Sogndal-trøya.

Men fjorårssesongen var tung for sunnfjordingen. Ifølgje statistikken til Songdal Fotball spelte han 555 minuttar i 2012. 23 av kampane starta han på benken, og vart bytta inn ti kampar. Og då kom tankane sigande om å reise tilbake til Førde. Men det vart med tanken.

– Eg hadde det i tankane, men eg trur ikkje eg hadde gjort det, seier Holsæter.

Har spelt nesten fire gonger så mange minutt

Han fortel at det var fleire som bidrog til at han valde å bite tennene i hop og halde ut.

– Det var mange faktorar inne i biletet der, men eg er glad for at eg vart i Sogndal, seier Holsæter.

Men arbeidet har betalt seg, det ser ein tydeleg av statistikken. Til no i sesongen har han spelt 1994 minutt, nesten fire gonger så mykje som i fjorårssesongen.

Han har berre starta på benken tre kampar, og er nøgd med eiga utvikling.

– Eg tykkjer det har vore bra, det har vore veldig kjekt å få tillit på det høgste nivået. Ein får betre sjølvtillit av slikt, seier Holsæter.

Sogndal-trenar Jonas Olsson er nøgd med utviklinga.

– Ruben har jobba godt og teke store steg. No gjer han det veldig bra, og har spelt mykje, seier Olsson.

Men han understrekar at det må jobbing til, skal ein ha klippekort i startellevaren.

– Det går litt opp og ned i denne bransjen her. Men Ruben har jobba hardt, og er stort sett med frå start, seier Olsson.

Er budd på ein tøff kamp

I kveld møter Sogndal Sandnes Ulf. Begge lag har to poeng ned til Tromsø, som ligg på kvalifiseringsplass, og tre til Sarpsborg 08 som ligg på 15. plass.

– Eg har gode kjensler før kampen. Eg trur det blir ein tøff kamp, men vi skal bite godt ifrå oss. Vi skal klinke til og vinne denne kampen, seier Holsæter.

At Sogndal står med ryggen mot veggen, tenkjer han ikkje mykje på.

– Eg kjenner det ikkje slik. Det er tett i botn, men alt er opp til oss sjølve, seier Holsæter.

Ifølgje sogndalfotball.no har Sogndal berre møtt Sandnes Ulf på heimebane tre gonger før, og då har poengfangsten vore så som så.

– Sandnes Ulf er eit veldig bra lag, så eg trur det blir ein tøff kamp. Men vi går for siger, seier Holsæter.

Skal ha betre resultat

Sogndal-trenar Jonas Olsson er klar på at det vert ein jamn kamp på Fosshaugane Campus søndag.

– Sandnes Ulf er gode, og det blir ein tøff kamp. Vi skal spele like godt som vi har gjort før, men vi skal ha betre resultat, seier Olsson.

Han peikar på at det er seks-sju lag i botn som kjempar med nebb og klør om dei siste poenga.

– Når det nærmar seg slutten på serien, så betyr alt mykje. Og det er klart at det er ein mental bit med i spelet her. Men vi skal gjere jobben, meiner Olsson.

Mot Sandnes Ulf må Sogndal klare seg utan Hannu Patronen og Martin Trøen, då dei er ute grunna skade.

Har vore ein lang sesong

Det går mot slutten av ein lang sesong, og det merkast for dei som er på bana.

– Men det er jo kjekt, det er jo difor vi driv på, så vi skal ikkje klage. Men det skal bli godt å bli ferdig også, seier Holsæter.

Han legg ikkje skjul på at han trivst godt i Sogndal.

– Det betyr mykje å få vere med å bidra på laget, og det er mange gode spelarar som har vore her og har gått vidare, seier Holsæter.

Gler seg over gamleklubben

Som alle fotballspelarar, har han ein draum om spel i utlandet. At Sogndal har fleire i administrasjonen som har erfaringar frå utanlandsspel, gir også litt ekstra motivasjon.

– Ein ser jo opp til dei som har spelt på eit høgt nivå, og prøver å ta i mot tips frå dei. Dei er gode førebilete for oss unge på laget, seier Holsæter.

Han gler seg også stort over at gamleklubben, Førde, gjer det bra.

– Det har vore veldig artig å følgje med dei denne sesongen. Det er kjekt at dei er med i toppen av 2. divisjon og kjempar, seier Holsæter.