Hopp til innhold

Har brukt tilbodet i mange år - meiner Flora godt kan vere mal for resten av landet

Anne Lise Pedersen Eikemo har vore brukar av Sunnfjord Medisinske Senter i fleire år, og kan ikkje få fullrost tilbodet nok.

Eikemo

HØYRDE: Helse- og omsorgsminister Bent Høie (t.h.) fekk høyre kva brukarane meiner om Sunnfjord Medisinske Senter. T.v. Anne Lise Pedersen Eikemo.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Sunnfjord Medisinske Senter i Florø har i 13 år hatt samlokalisering av ulike helsetilbod.

At ein har samlokalisert fleire tenester under same tak gjer livet langt enklare for brukaren, meiner Eikemo.

– Det betyr veldig mykje. Før hamna eg først på tiltakstenesta, og så viss vi skulle på sosialkontoret, så måtte eg til eine enden av byen. Så til lege på ein heilt annan plass, eller psykiatrisk poliklinikk ein annan stad. Det var veldig mange stadar å halde seg til, seier Eikemo.

Fekk ein ny kvardag

Difor vart kvardagen ein heilt annan då tenestene vart samlokaliserte i Sunnfjord Medisinske Senter.

– No har vi alt her, og eg har fastlegen min i etasjen under. Det er veldig bra, seier Eikemo.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie var i dag i Florø for både å snakke med fagfolk, men også brukarar om korleis samlokaliseringa fungerer. Eikemo er klar på at det er mange fordelar ved å ha tenestene på same plassen.

Ho har likevel eit råd til kva som kan verte betre.

– Det som er litt dumt, er at vi blir veldig synlege når vi er skal utfor døra og går gjennom korridorane. Når ein til dømes har ei psykisk liding, så er det kanskje nettopp det at folk skal sjå oss vi er redde for, seier Eikemo.

Sjølv nyttar ho seg av dagtilbodet på senteret.

– Det er eit lågterskeltilbod. Eg har også ein fast terapeut. Men eg kan også ringje til alle andre her. Det kan også familien min, viss dei er uroa for meg, seier Eikemo.

Er glad statsråden tok seg tid

Ho fortalde sjølv helse- og omsorgsminister Bent Høie om sine røynsler med senteret. Ho tykkjer det er kjekt å høyre at Høie har tenkt å nytte senteret i Florø når det skal jobbast fram ei stortingsmelding om korleis framtidas primærhelseteneste skal sjå ut.

– Eg tykkjer det er veldig bra at han tek seg tid til å komme til ein slik liten kommune, og at han tek seg tid til å snakke med oss som brukar helsetenestene, seier Eikemo.

Regjeringa skal i gang med å lage den første stortingsmeldinga om helsetenestene i kommunane. Regjeringa meiner det er behov for å byggje opp meir robuste, tverrfaglege helsetenester i kommunane.

Det som manglar er å sjå primærhelsetenesta i ein heilskap, tverrfagleg. Den førre store endringa var fastlegeordninga. Den handla om legane. Eg meiner legane i kommunane har behov for fleire kollegaer, men dei treng ikkje nødvendigvis vere legar, seier Høie.

Treng større einingar

Statsråden var klar på at det ikkje nødvendigvis vil vere dagens kommunestruktur som vert liggjande til grunn for stortingsmeldinga.

– Anten må ein ha større kommunar, eller så må kommunane samarbeide om dette tilbodet. Skal vi kunne gje innbyggjarane eit godt tverrfagleg tilbod med ulike faggrupper inne, så må ein faktisk ha eit større pasientgrunnlag enn det mange kommunar har i dag, seier Høie.

Eikemo tykkjer det er bra at politikarane nyttar seg av andre sine røynsler når dei skal ta til med stortingsmeldinga. At Florø kan verte malen for resten av landet, tykkjer ho er bra.

– Eg trur folk har noko å gle seg til. Slik dette opplegget har vore her, så kan vi i Flora kommune godt vere ein mal for resten av landet, seier Eikemo.