Hopp til innhold

Gjorde makabert funn i fjellet: – Halsen er kutta med kniv

Sauebonden i Hardanger trudde ein jerv hadde vore på ferde og kontakta Statens naturoppsyn. Men oppsynsmannen meiner menneske har fjerna hals og hovud. – Aldri sett liknande.

Partert sau funnet i Ålvikfjella i Hardanger

KUTTA AV: Hals og hovud er kutta av og borte vekk. Rovviltkontakten har aldri sett eit liknande tilfelle.

Foto: Kenneth Offerdal

I Hardanger har sauebonden Kenneth Offerdal nær hundre sauer og lam på beite.

Sundag gjorde ein turgåar eit makabert funn av eitt av lamma i Vassdalen i Ålvikfjella.

Tre meter frå turstien, i eit elveleie, kom han over eit lam utan hovud og hals.

– Det såg jo heilt absurd ut. Lammet var kilt fast mellom nokre steinar, og hovudet var hogd av. Det hender sauer går seg fast og dauar, men dei mister jo ikkje hovudet, seier turgåaren som fann lammet.

Måndag gjekk Offerdal sjølv opp i dalen. Han reagerte på at kuttet var uvanleg reint, men kontakta likevel Statens naturoppsyn for å få avdekt om rovdyr stod bak.

– Oppsynsmannen var her i går, og konkluderte kjapt med at dette måtte ha vore gjort med kniv, fortel Offerdal til NRK.

SNO undersøker drept lam i Ålvikfjella i Hardanger

PARTERTE LAMMET: Ingmar Slettemark i Statens naturoppsyn slår fast at ingen rovdyr står bak. Årsaka vil han ikkje spekulera i.

Foto: Kenneth Offerdal

– Aldri vore borti liknande

Onsdag melde han forholdet til politiet.

Offerdal trur det dreier seg om eit hundeangrep, der hundeeigaren har forsøkt å skjula spor etter bitt mot hovudet.

– Skjer det noko og hunden har rive sund ansiktet til lammet, er det lett å få panikk. Dei andre teoriane er såpass bisarre at eg ikkje har lyst til å tenkja dei, seier han.

Rovviltkontakt Ingmar Slettemark såg kjapt at halshogging var gjort med kniv. Snittflata i skinnet er det same som når oppsynsmannen brukar kniv.

– Slik eg ser det er halsen skore av heilt inne ved det tjukkaste på kroppen, ikkje ute ved hovudet. Både hals og hovudet er fjerna.

Offerdal har leita i området, men ikkje funne verken halsen eller hovudet til lammet.

Funn av død sau i Ålvikfjella

FUNNSTAD: Slik blei sauen funnen sundag. Turgåaren tenkte raskt at lammet ikkje hadde hamna slik naturleg.

Foto: Privat

Oppsynet sin jobb er å finna ut om freda rovvilt står bak angrepet. I så fall kan bønder få erstatning. Det er ikkje tilfellet denne gongen.

– Det har skjedd noko i forkant som me ikkje finn ut av. Det er ikkje min jobb å spekulera i kva som har skjedd, men eg kan slå fast at dette ikkje er gjort av freda rovdyr.

Slettemark har aldri vore borti noko tilsvarande.

– Eg har aldri vore ute for at dei har fjerna deler av halsen. Det er ingen dyr som har ete på det heller.

Det eine beinet til lammet var knekt, truleg etter det var dødt. På bakbeina fann oppsynsmannen blodutredningar.

Kva meiner du om Offerdal sin hypotese om hundeangrep?

– Eg vil ikkje spekulera i det. Det vanlege frå hundeangrep er at det er bitemerker bakpå dyret, for å bremsa dyret. Det er det ikkje her, seier rovviltkontakten og legg til:

Dette er litt uforklarleg.

Partert sau funnet i Ålvikfjella i Hardanger

STERK KOST: Halsen er skore av heilt inne ved kroppen til lammet. Rovviltkontakten slo kjapt fast at kuttet er gjort med kniv.

Foto: Kenneth Offerdal

Tvilar på hundeteori

Turgåaren som gjorde funnet observerte ingen andre merker på dyret, og såg heller ingen teikn til blod i terrenget.

Han valde å ikkje gå bort til dyret då han hadde med to hundar. Han har lita tru på hypotesen om at det er eit forsøk på å skjula eit hundeangrep.

– Det er veldig enkelt å hiva lammet lenger vekk, så hadde ingen funne det. Her låg det rett ved stien. Så det har eg inga tru på.

Funnstaden ligg omtrent tre kvarter frå næraste parkeringsplass. Dalen er nokså aude, og eit mindre brukt turterreng enn sidedalen.

Skremmande for lokalsamfunnet

Offerdal har tidlegare opplevd at ørn har angripe dyra hans. Det har også vore jerv i fjella.

Denne gongen tvilar han på at han får vita kven som står bak. Han håpar likevel at nokon har informasjon om kva som kan ha skjedd.

– Det er ekkelt å ikkje vita årsaka, seier sauebonden.

Ungane hans pleier å gå tur i området.

– No vil dei ikkje gå tur der åleine. Fleire naboar seier at dei ikkje vil la ungane gå åleine oppi der. Det har øydelagt litt for lokalsamfunnet, seier Offerdal.

Passar du ekstra på sauene dine no?

– Ja, i den grad eg kan. Eg har vore oppe og sett etter dei kvar dag etter dette hende.