Gjødselskum kollapsa i Luster – møk renn ut i drikkevatn

LUSTER (NRK): Ein gjødselskum har kollapsa og store mengder møk har runne ut i Dalselvi i Luster. Elva er drikkevasskjelde for fire husstandar.

Gjødsel i dalselvi

DRIKKEVATN: Dalselvi der møkka har runne ut, er drikkevatn for fire husstandar.

Foto: Alarmsentralen Sogn og Fjordane

Det var ved 18-tida tysdag kveld at Alarmsentralen fekk melding om at ein gjødselskumme har kollapsa.

Mellom 400- og 500 kubikkmeter gjødsel rann ut i Dalselvi i Luster.

Elva renn uti Marifjøra. Og elva er drikkevasskjelde for fire husstandar, seier vaktleiar Benedikte Svardal til NRK.

Drikkevasskjelde

Utrykkingsleiar er no i bil på veg til dei fire husstandane det gjeld, for å varsle dei direkte.

– Folk må ikkje drikke av dette vatnet, seier Svardal.

Kommunalvakt er på veg ut til staden. Kystverket og legevakta er varsla.

Gjødsel i dalselvi

VIL TYNNAST UT: Møkka vil forsvinne av seg sjølv med tida, seier landbrukssjef i Luster kommune, Magnus Snøtun.

Foto: Alarmsentralen Sogn og Fjordane

Einingsleiar for teknisk drift i Luster kommune, Terje Arild Kveane, opplyser at det ikkje er eit kommunalt vassnett.

– Det er privat vassnett.

Kartlegger skade

Magnus Snøtun, landbrukssjef i Luster kommune opplyser at dei no driv med kartlegging kva skader lekkasjen kan ha.

– Kor stor skadeomfang har dette?

– Kommunale vassnett blir ikkje råka. Vi veit ikkje kor mange private vasskjelder som kan bli påverka enno, seier Snøtun.

– Det råkar drikkevasskjelder og liv i vassdraget. Effekten er litt vanskeleg å seie.

Han seie møkka vil tynne seg ut etter kvart, men at det er vanskeleg å seie kor lang tid det vil ta før alt er vekke.

Det vil avhenge av nedbørsmengde og kor stor Dalsevli var då lekkasjen skjedde.

Meir alvorleg enn først trudd

I første melding frå Alarmsentralen fekk NRK opplyst at gjødselslummen hadde kollapsa, men at Dalselvi ikkje var drikkevasskjelde.

Då vart folk oppmoda til å ikkje bade i vatnet.

Laster kart, vennligst vent...