Hopp til innhold

Gjer seg klare for 30 mindreårige asylsøkjarar

Jølster kommune førebur skule og helsetenester på å ta imot 30 mindreårige asylsøkjarar om to månadar.

Livsmeistringssenteret - tidl. HV10 på Skei

I FERD MED Å BLI KLARE: For å drifte eit nytt mottak i kommunen må det tilsettast folk i 25 stillingar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi byrja å førebu tenestene i kommunen for å kartlegge kva ressursinnsats dette vil kreve frå oss, men vi er ikkje i mål med det enno, seier Børge Tvedt som er rådmann i Jølster kommune.

I midten av april skal eit mottak for einslege mindreårige stå klart på Skei i Jølster, med plass til 30 asylsøkarar mellom 15 og 18 år. Dei kjem frå land som Eritrea, Somalia, Syria og Afghanistan.

Var ute av konkurransen

Jølster kommune vart i utgangspunktet slått i anbodsprosessen av Lund i Rogaland. Men bygget der ikkje hadde godkjende løyver for å drive eit mottak for mindreårige.

Det er det tidlegare HV10-bygget på Skei som står klart som mottak. Kommunen jobbar med å fylle opptil 25 større og mindre stillingar.

– Vi føler at dette blir eit veldig bra mottak, og vi har ein veldig god plan på korleis vi skal drive det og vi har lang erfaring med å drive slike mottak, seier dagleg leiar i Norsk Mottaksdrift, Per Erik Lykstad.

Atle Berge

STOR INTERESSE: Atle Berge som er regiondirektør i UDI, er fornøgd med interessa for å jobbe med asylsøkjarane.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Ei utfordring for kommunen

Sjølv om kommunen ikkje har ansvaret for drifta av mottaket, må kommunen tilby helsetenester, skule og eventuelt barnevernstenester.

– Den største utfordringa i forhold til plasseringa av mottaket er å kunne tilby gode fritidsaktivitetar og fritidstilbud til desse ungdommane. På Skei er det avgrensa tilbod til denne aldersgruppa, men samstundes har vi tilbod andre stadar, så dette må vi samarbeide om, seier Tvedt.

Norsk mottaksdrift og UDI er fornøgde med at kommunen allereie har erfaring med å drive asylmottak. Interessa for å jobbe med dei dei kommande asylsøkjarane er stor, seier regiondirektør i UDI, Atle Berge.

– Det er veldig stor interesse for stillingane ved mottaket.