Hopp til innhold

Gjer nye søk etter Per-Arne (35)

Torsdag morgon blir det gjennomført eit nytt privat søk Per-Arne Hestenes som har vore sakna i nær ein månad i Gloppen.

Raude Kors skal gå manngard i Gloppen

NYE SØK: Det blir torsdag gjennomført eit nytt privat søk etter den sakna Per-Arne Hestenes. Biletet er frå ein av dei tidlegare leiteaksjonane.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

35 år gamle Per Arne Hestenes har vore sakna sidan ei utforkøyring natt til 8. november.

Både helikopter, Røde Kors Hjelpekorps og Norske Redningshundar har delteke i søket.

– Vi har leita i fleire dagar med mindre grupper personar, og håpar vi blir 10–15 personar torsdag, seier Hans Andenæs.

Privat søk

Per-Arne Hestenes (35) er etterlyst

SAKNA: Per-Arne Hestenes (35) har vore sakna i nær ein månad.

Foto: Privat

Andenæs er med i Gloppen Røde Kors Hjelpekorps, men uttaler seg som ven av familien til sakna Hestenes.

Søket torsdag er eit privat initiativ frå familien, og blir gjennomført etter råd frå ein synsk person.

– Han var her i helga og har veldig stor tru på eit spesielt skogsområde. Det vart søkt der måndag og tysdag, og det er i same område vi konsentrerer søket torsdag. Vi håpar å få finsøkt området, seier han.

Fleire private søk

Medan politiet held fram etterforskinga av forsvinningssaka, held familien fram søket etter Hestenes. 35-åringen vart sist sett etter eit trafikkuhell ved Øvresetsvingen på fylkesveg 60 .

Det førebels siste søket frå politiet si side var for to og ei halv veke sidan. Sidan har også Røde Kors arrangert søk, i tillegg til fleire private søk.

– Til no har ein søkt igjennom fleire kvadratkilometer. Det er viktig å få søkt igjennom desse områda før snøen legg seg, seier Andenæs.

– Takksame

Politiet står førebels utan spor i saka, men etterlyser tips frå folk som kan ha sett eller veit noko. Heile forsvinninga er eit einaste mysterium.

– Dei har hatt full forståing for at ting tek tid. Samstundes er dei er veldig glade og takksame for at det er så mange frivillige som stiller og har vore med å leita, seier han.

– Ein håpar jo at han er i live ein stad, men samstundes er det ikkje noko nye haldepunkt som skulle tilseie det, seier Andenæs og ikkje ser bort frå at det kan bli fleire søk, både private og offentlege, også andre stader dersom søket torsdag ikkje fører fram.